Stiftinga, banken og NRK kårer årets gründer

Vi ønskjer å stimulere til innovasjon, og gje innovatørane i fylket etterlengta merksemd. Difor kårer vi, saman med NRK og Sparebanken Sogn og Fjordane, «Årets Gründerpris 2012». 

I haust lagar NRK Sogn og Fjordane ein serie innslag på radio der gode gründer-idear kan melde seg på i konkurransen om 100 000 kroner. I løpet av programserien vert det plukka ut ca 5 finalistar, som kvar vert fyldig presentert “på lufta”. Publikum vert så invitert til å stemme fram finalistane på nett.

Er DU ein aktuell kandidat eller kjenner nokon som er det? send inn forslag om kandidat og grunngjeving for kvifor du, han eller ho bør få prisen. I tillegg til heder og ære (og god promotering på radio) vil vinnaren motta ei gåve på 100 000 kroner som eit bidrag til å kunne realisere prosjektet.

Vilkåra for å delta i konkurransen er at prosjektet skal:

  • Vere utvikla av personar frå Sogn og Fjordane og/eller utvikla (heilt eller delvis) i fylket
  • Ta utgangspunkt i ein konkret  teneste- eller produktidé som er kome så langt i si utvikling at kommersialisering er kome i gang (dvs. kan vise til nokon inntekter)
  • Er berekraftig utan negative følgjer for miljøet
  • Ideen/prosjektet si evne og vilje til å skape aktivitet, omsetnad og arbeidsplassar i fylket vil dessutan kunne slå ut positivt

Frist for å sende inn forslag er 25. september. For påmelding og meir informasjon, sjå artikkel på nrk.no her

Jurymedlemene er: Simen Staalnacke, gründer Moods of Norway, Halvor Flatland, direktør Innovasjon Norge Sogn og Fjordane og Arvid Andenæs, adm. direktør Sparebanken Sogn og Fjordane.

Vinnaren vert annonsert på direktesendt radiosending under fylkets største næringslivsseminar «Temposeminaret 2012» i Florø 1. november. Les om det spennande programmet her