Gåvetildelinga for våren 2013 er klar

Sjå stiftinga si gåvetildeling i kategori “Fullstendig søknad” for våren 2013 her.

Sparebankstiftinga deler i dag ut ca 5 millionar kroner til allmennyttige føremål i fylket vårt, av dei totalt 12,5 millionar kronene som skal delast ut i løpet av året. Du kan lese heile lista på gåvesidene våre, eventuelt kan du lese oversikta i Firda.

PS Har du ikkje fått svar på din søknad? Svar er sendt til dei epostadressene du registrerte når du sendte søknaden (NB hugs å sjekke Søppelpost-mappa/spamfilteret!)

Neste søknadsfrist i kategori “Fullstendig søknad” er 1. september, der ein får svar på søknadane kring 1. november. Elles er det som vanleg høve til å sende “Forenkla søknad” heile året, kor ein kan søkje om inntil 10.000 kr og få svar i løpet av fire veker.