Val til generalforsamlinga i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane

10-12. mars skal det avholdast elektronisk val til representantar i stiftinga si generalforsamling. Les meir om generalforsamlinga og kandidatane her.

Sparebankstiftinga er hovudeigar av Sparebanken Sogn og Fjordane og har som sine to hovudoppgaver å forvalte eigarskapen av banken på ein god måte; og dele ut gåvemidlar til allmennyttige tiltak  frå overskotet av bankdrifta.

Stiftinga sitt øvste organ er Generalforsamlinga, og det er kundane i banken som velgjer representantane til generalforsamlinga. Valet vert gjort elektronisk i perioden 10.-12. mars, og alle røysteføre får tilsendt røystesetel på epost.

Generalforsamlinga sine oppgåver kan du lese om i vedtektene våre; dei mest sentrale oppgåvene er å velje stiftinga sitt styre og avgjere kor mykje pengar stiftinga skal dele ut i gåvemidlar kvart år.

Valnemnda har i år tilrådd at følgjande kandidatar vert valt inn på fast plass for 4 år i generalforsamlinga:

Britt Tjønneland (Førde): f. 1960. Regionkonsulent i Vaksenopplæringsforbundet. Tidlegare hovedtillitsval og styremedlem i Gjensidige bank. Utdanning innan økonomi.

Arne Klausen (Askvoll): f. 1952. Direktør i Klausen Mek Verksted  AS, Holmedal. Tillitsverv innen idrett. Ingeniør frå Høgskulen Førde/Horten.

Jørill Hovland (Sogndal): f. 1960. Prosjektleiar ved Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane. Styremedlem i ma Sogndal Fotball, SIMAS IKS, og Farmhouse AS. Utdanna ved Universitetet i Bergen.

I tillegg tilrår valnemnda følgjande kandidatar til varaplass for eitt år:

Arve Varden (Høyanger): f. 1965. Rådmann i Høyanger frå 2011. Tidlegare ma direktør  for med.klinikk i Helse Førde, ass rådmann og helse- og sosialsjef i Høyanger kommune. Utanning frå BI.  Fleire tillitsverv, ma leiar for Rådmanssforeningen til Fagforbundet.

Magnar Åsebø (Vågsøy): f. 1956. Direktør i Vest- Norges Fiskesalslag, Måløy. Tidlegare politikar i Vågsøy kommune. Har hatt styreverv i fleire ulike selskap. Utdanning frå Universitetet i Bergen.

Dag Rune Mallasvik (Naustdal): f. 1962. Teamleiar i Sunnfjord Energi. Trenar og leiar i Tambaskjelvar  IL. Elektroutdanning.

Jon Rune Heimlid (Stryn): f. 1972. Business Development Manager i OptiPro AS. Tidlegare arbeidd i Vest Buss AS og Vidre AS. Utdanning frå BI.

Utanom desse er det forslag om 7 andre kandidatar som ikkje er innstilt av valnemnda:

Susanne Svardal (Leikanger): f. 1963. Prosjektleiar ved Statens Vegvesen Region Vest. Tidlegare medlem av Leikanger kommunestyre. Utdanna ved NTNU.

Ola Hovland (Fjaler): f. 1966. Rådmann i Fjaler kommune frå 2007. Tidlegare ma økonomiderektør ved UWC, finans –og økonomisjef  hos GMC-gruppen i Stavanger. Erfaring frå styrearbeid. Utdanning frå BI.

Margret Sande (Gloppen): f. 1959. Gardbrukar  på Sande i Gloppen og rekneskapsmedarbeidar hos Frydenbø Bilsenter AS på Sandane.

Berit Seljeset Osa (Flora): f. 1956. Autorisert Rekneskapsførar. Controller i Flora kommune. Tidlegare dagl.l/fagl.l i rekneskapsbransjen. Har også vore kommunepolitikar i Flora kommune.

Laila Johannesen (Hyllestad): f. 1967. Bedriftseigar og dagl.l ved eMal AS frå 2012.Tidlegare ma økonomisjef i Gjensidige Bank og seksjonssjef for økonomi- og personal i Hyllestad kommune. Bachelor i økonomi og kurs i styreleiing.

Kirsti Eklund (Årdal): f. 1963. Styrar Haugane Barnehage. Tidlegare medlem av Sogn og Fjordane Fylkesting. Utdanna ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Knut Broberg (Florø): f. 1970. kommuneadvokat i Florø

Generalforsamlinga består elles av følgjande representantar:

Bente Nesse (Høyanger)

Jarl Tyssekvam (Gaular)

Per Hilleren (Sogndal)

Tom Joensen (Bremanger)

Gro Rukan (Florø)

Inger Birgitte Flatjord Kjøsnes (Jølster)

Myrtel Janne Thomassen (Stryn)

Jon Gimmestad (Gloppen)

Anne Margrete Øvsthus (Førde)