13 millionar til allmennyttige gåver i år!

Sparebankstiftinga sitt øvste organ Generalforsamlinga vedtok 10. april å dele ut 13 millionar kroner til allmennyttige gåver i 2014, som (igjen) er ny rekord.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane fekk eit utbyte frå Sparebanken Sogn og Fjordane for 2013 på 33 millionar kroner. I tråd med stiftinga sine vedtekter og strategiplan skal pengane nyttast til allmennyttige gåver i fylket, samt å bygge opp eit gåvefond slik at stiftinga kan dele ut gåver også om det skulle kome år der banken ikkje gir utbyte. Dermed vart det både rom for å auke gåvesummen for inneverande år til rekordhøge 13 millionar – og i tillegg supplere gåvefondet for å sikre framtidige tildelingar.

Disposisjonane går elles fram i stiftinga si årsmelding for 2013, som du kan finne her.