Haustens gåverunde er klar!

Då er det sendt ut svarmail til dei som søkte om midlar innan søknadsfristen 1. september. Over 5 millionar kroner i gåver vart delt ut i denne runden. Vi legg ut fullstendige lister over alle som fekk gåver i denne runden her på sidene våre i morgon ettermiddag.

 

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er hovudeigar av Sparebanken Sogn og Fjordane, og deler ut gåver til allmennyttige føremål av utbytet frå bankdrifta. I år deler vi ut 16 millionar kroner i gåver.

Til morgonen i dag gjekk det altså ut svarmail til søkjarane, og det er den som har registrert søknaden som får mailen (hugs å sjekke spamfilteret/”søppelpost”-mappa dersom du ikkje finn svaret i innboksen din).  I tillegg til kring 3,5 mill. kr. i gåver frå årets gåvebudsjett, vart det delt ut 1,5 millionar til nytt bygg- og anleggsstudium i Førde i oppstartsperioden 2016-2019.

Det var om lag 200 søknadar til handsaming i denne runden, og 61 av søknadane fekk ei gåve. Gjennomsnittleg gåvebeløp var på vel 50.000 kroner i denne gåverunden.

Neste søknadsfrist for ordinære søknadar er 1. mars 2016. Dette søknadsskjemaet blir synleg i søknadsportalen frå 1. februar. Men hugs at ein når som helst kan sende “forenkla søknad” for beløp inntil 10.000 kr, og få svar i løpet av 4 veker.