Hugs rett budsjett

Skal du søkje om midlar til neste års drift? Då er det viktig å legge ved driftsbudsjett for det året ein søkjer gåve til, og ikkje driftsåret 2015.

Kring årsskiftet får vi normalt inn ein del søknadar om gåver til drift av frivillige lag og organisasjonar. Mange av desse driv om lag på same vis år etter år, og budsjetta for kvart år ser dermed ganske like ut. Då er det fort gjort å leggje ved det budsjettet ein har liggande på PC’en – som gjerne er budsjettet for 2015. Men Sparebankstiftinga si oppgåve er jo å vurdere drifta for det året ein søkjer midlar for, og til dette treng vi budsjettet for 2016. Difor er det særs viktig at det står rett årstal på budsjettet du legg ved søknaden!

Vi er elles kjende med at dei fleste lag ikkje har årsmøte før i februar-april, og at driftsbudsjettet dermed ikkje blir godkjent av årsmøtet før dette. Men vi krevjer heller ikkje at budsjettet skal vere vedtekne av årsmøtet; vi vil berre sjå korleis ein har tenkt å bruke eventuelle gåvemidlar. Så det går altså heilt greitt å legge ved eit budsjett sjølv om det ikkje er vedteke/handsama i laget sine styrande organ.

Har du elles spørsmål om budsjett kan du lese nokre tips her – eventuelt kan du ta kontakt med stiftinga sin administrasjon.