Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane » Blog Archive » Eigen søknad for lokale kulturbygg

Eigen søknad for lokale kulturbygg

 

Vi lanserer forsøksordning med eigen søknadsfrist 15. april for lagseigde hus 

foto Inger Marie Lien

Frå 2016 får dei organisasjonseigde kulturbygga i fylket fleire moglegheiter til å søkje midlar til ombygging, modernisering og utvikling. Huset i bygda, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og  Sogn og Fjordane fylkeskommune går no saman for å løfte og styrkje dei over 400 organisasjonseigde kulturbygga i fylket.

Utvikling av kulturbygga

Dei lokale kulturbygga er viktige møteplassar, og her samlast alle generasjonar til sosialt samvære og variert aktivitet. For mange av desse bygga er behovet stort for modernisering, rehabilitering og ombygging. Tilrettelegging og tilgang for alle gjennom universell utforming med til dømes tilpassa inngangsparti og HC-toalett står høgt på ynskjelista til eigarar av mange bygg. Det er også stor trong for ENØK-tiltak som utskifting av trekkfulle vindauge og gamle dører, betre isolering og nytt tak. Å utvikle eit kulturbygg er svært kostnadskrevjande og krev ein stor dugnadsinnsats frå eigarar og lokalsamfunna.

Midlar til kulturbygg

Gjennom tilskotsordninga «desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg» fekk sju organisasjonseigde kulturbygg over tre millionar til nybygg, ombygging, rehabilitering og modernisering i 2015. Truleg vil det ligge rundt tre millionar kroner klar for søkjarar til spelemidlar også i 2016 seier fylkesdirektør for kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Ingebjørg Erikstad.

Pål Fidjestøl, kultursjef i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, tok initiativ til dette felles løftet.

– Styret i Sparebankstiftinga står samla bak ei satsing på dei lokale kulturbygga, og vil bidra med ca. 500 000 kr til opprusting og vedlikehald av lokale kulturbygg i 2016, seier han.

Prosjektleiar for Huset i bygda, Ingunn Nyheim, har i mange år arbeidd for styrking av kulturbygga.

– Vi er svært glad for denne felles satsinga på dei små kulturbygga. At viktige aktørar som fylkeskommunen og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane ser verdien av bygga, aktiviteten og verdiskapinga som skjer der, er svært gledeleg!

Søknadsrunda 2016

Den lokale søknadsfristen til desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg (spelemidlar) varierer frå kommune til kommune, og Guro Høyvik oppmodar dei interesserte til å ta kontakt med kommunen sin snarast for å få meir informasjon om korleis ein skal gå fram.

Sparebankstiftinga set ein eigen søknadsfrist for lokale kulturbygg til 15. april, for søknadar om bygningsmessige tiltak. Dette vil det komme meir informasjon om på desse nettsidene (eige søknadsskjema vert publisert her ca 1 månad før søknadsfristen). For alle andre søknadar er fristen 1. mars som vanleg.

Dei tre aktørane vil samordne søknadsfristane og handsaminga av søknadane. Dei som har spørsmål kan ta kontakt med Ingunn Nyheim, som avsluttar med denne beskjeden til eigarar av lokale kulturbygg:

– Vi vil oppmode flest mogleg kulturbygg om å nytte denne sjansen og søkje midlar hos begge tilskotsgivarane. Vi ynskjer mange søknader, slik at vi får vist at behovet er stort for midlar til opprusting, rehabilitering og utvikling av lokale kulturbygg.

Meir informasjon

Kontaktpersonar

Guro Høyvik, Sogn og Fjordane fylkeskommune: 415 30 608 / guro.hoyvik@sfj.no
Ingunn Nyheim, Huset i bygda: 974 03 699 / husetibygda@ungdomslag.no

Kontaktinifo til Pål Fidjestøl her i Sparebankstiftinga finn du her.
På biletet: Bak frå venstre: Pål Fidjestøl (kultursjef i Sparebankstiftinga) og Kjell Sandnes (direktør i Sparebankstiftinga). Foran (f.v.): Ingunn Nyheim (prosjektleiar Huset i Bygda) og Guro Høyvik (rådgjevar i Sogn og Fjordane fylkeskommune). Foto: Inger Marie Lien.