Nytt år – nye moglegheiter

Sparebankstiftinga avrundar 2016 med om lag 18 millionar kroner i tildelte gåver til samfunnsnyttige tiltak i fylket. Her er planen for 2017.

Fjoråret var eit spanande år med enda ein rekord i utdelte gåvemidlar, og jamfør stiftinga sin strategi er dette eit nivå vi skal klare å halde framover. Så om du har planar om å bidra positivt for mangfald, trivsel og utvikling i fylket vårt, er vi nysgjerrige på å høyre frå deg.

Søknadsfristane våre vil vere dei same som før i 2017:

Forenkla søknad: treng de “litt pengar raskt” kan de søkje om inntil 10.000 kroner heile året, og få svar innan 4 veker (kan gå litt lenger kring jul og sommar).

Vårtildelinga har søknadsfrist 1. mars – søknadsskjemaet blir tilgjengeleg 1. februar. Svar på søknadane vert sendt ut ca 1. mai.

Hausttildelinga har søknadsfrist 1. september – dette skjemaet vert opna 1. august. Svar i denne runden er ventande ca 1. november.

Er du frå fylket vårt, mellom 15 og 30 år og har utmerka deg innan eit eller anna? Då tilrår vi at du søkjer Furorestipend. Fristen for dette er 15. juni, og det vert delt ut stipend i kategoriane Kultur, Idrett og “Open klasse”. Dette skjemaet vert opna 15. mai.

Alle søknadar må sendast inn via søknadsportalen vår for å bli vurdert.

Det er elles nedfelt i våre vedtekter at Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane skal styrast av dei som har bidratt til å skape verdiane, altså kundane i Sparebanken Sogn og Fjordane. Difor blir alle kundar i banken med innskot over 500 kr invitert til å røyste på medlemmer til vår generalforsamling, som m.a. bestemmer kor mykje stiftinga skal dele ut i gåvemidlar kvart år, samt velgjer styret som deler ut gåvemidlane.

Vi oppmodar sjølvsagt alle til å nytte røysteretta si, men òg til å tipse oss om kandidatar til generalforsamlinga. Krav til kandidatane er at dei må vere samfunnsengasjerte, busett i fylket og kunde i Sparebanken Sogn og Fjordane. Forslag til kandidatar kan sendast frå no og fram til 1. mars til post[at]sparebankstiftinga.no. Invitasjon til å stemme i valet vert sendt ut veka etterpå.