Fire søknadskurs før 1. september

Sparebankstiftinga arrangerer som vanleg gratis kurs i korleis ein skriv gode søknadar om støttemidlar. Høyanger, Sandane, Florø og Måløy er dei som får besøk no før haustens søknadsfrist. Nytt av året er at banken vår òg er med, for å fortelje om Vipps GO;  kva laget kan tene på det og korleis ein går fram.

Sparebankstiftinga sine søknadskurs har fått veldig gode tilbakemeldingar frå lag og foreningar som seier dei har vore til stor hjelp iht. å få inn meir midlar til verksemda – og er samstundes ein flott måte for oss å få signal tilbake frå dykk som har søkt om midlar (evt. planlegger å søkje), om kva Sparebankstiftinga bør justere på. I tillegg ser vi tydeleg at søknadane vi får inn blir stadig betre. Så desse kursa kjem til å fortsette så lenge de vil ha oss på besøk!

Kursa har denne gongen med Sparebanken som medarrangør; og vil fortelje om ei god nyheit særleg for lag og foreningar som har salsinntekter. Mange lag har allereie oppdaga moglegheitene for å både lette og auke salsarbeidet med Vipps GO; men ikkje alle er komne i gong enda. Difor vil kursa ha med ein bolk om dette.

Alle kurs er som vanleg gratis og frå kl 1800, og som vanleg blir det enkel matservering på kurset. Det er ikkje naudsynt med påmelding (men om du vil vere sikker på å få plass, kan du sende oss ein mail så skal vi halde av stol til deg). Dato og stad for kursa blir som følgjer:

Høyanger måndag 21. august, i samfunnshuset

Sandane tysdag 22. august, på Gloppen Hotell

Florø onsdag 23. august, i Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokaler (Strandgata 45)

Måløy torsdag 24. august, i kommunestyresalen på Rådhuset