Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane » Blog Archive » Hallvard Klakegg ny direktør

Hallvard Klakegg ny direktør

Hallvard Klakegg (46) frå Jølster er tilsett som ny direktør i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Han tek over etter Kjell Sandnes som gjekk av med pensjon i sommar. Klakegg har arbeidd 20 år i Sparebanken Sogn og Fjordane, der han i dag er direktør for privatmarknaden.

– Eg har eit stort engasjement for sparebanknæringa og ikkje minst Sparebanken Sogn og Fjordane. Engasjementet mitt og kunnskapen eg har opparbeid med gjennom desse 20 åra skal eg bruke til å utvikle Sparebankstiftinga vidare, seier Klakegg.

Sparebankstiftinga har som føremål å sikre eit langsiktig og stabilt eigarskap i Sparebanken Sogn og Fjordane. Stiftinga eig i dag over 90 prosent av eigenkapitalbevisa i banken. I tillegg skal stiftinga forvalte kapitalen som blir bygd opp på ein trygg og føremålstenleg måte.

Sparebankstiftinga skal støtte opp under Sparebanken Sogn og Fjordane si verksemd og vidareføre dei gode sparebanktradisjonane. I dette ligg det mellom anna å gje delar av overskotet tilbake til lokalsamfunnet i form av gåver til allmennyttige føremål.

– Stiftinga har eit velorganisert gåveinstitutt og det er gitt over 120 millionar kroner i gåver til slike føremål i fylket dei siste 5-6 åra, seier direktøren.

Klakegg meiner at sparebankidéen er ein veldig god forretningsidé som står støtt også  i ei tid der digitalisering og nye aktørar utfordrar banknæringa.

– Det eg syns er ekstra flott med sparebankane er at dei er lokalt eigd og at delar av overskotet går tilbake til lokalsamfunnet i form av gåver, og i dette arbeidet spelar Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane ei viktig rolle her i fylket, seier Hallvard Klakegg.

Styreleiar i Sparebankstiftinga Lise Mari Haugen fortel at det var 18 gode søkjarar til direktørstillinga.

– For styret har det vore viktig å finne kandidatar som både dekker eigarrolla til stiftinga, forvaltning av kapital og vidareføring av sparebanktradisjonane gjennom gåveinstituttet. Klakegg sin kunnskap og engasjement gjer at vi er svært glad for å få han med på laget, seier Haugen.