Søknad til lagseigde kulturhus

Søknadsskjema til den eigne støtteordninga for bygningsmessige tilretteleggingar i lagseigde kulturhus finn du her. Søknadsfrist er som før 15. april.

I 2016 innførte vi ei eiga ordning for bygningsmessige tilretteleggingar av lagseigde kulturhus, med søknadsfrist 15. april. Vi vidarefører både ordninga og fristen i år, og reserverer ein pott på 500.000 kroner til føremålet.

Dersom ein skal gjere bygningsmessige endringar, må vi vere sikre på at søkjaren eig huset eller har tillatelse, difor er det nokre spesielle spørsmål vi må ha svar på iht. dei ordinære ordningane våre. Difor har vi eit eige søknadsskjema for denne ordninga (vert lagt ut ca 1 månad før søknadsfristen, og tatt vekk når fristen er passert)

Søknadane vert handsama saman med interesseorganisasjonen for lagshusa Huset i Bygda og med Fylkeskommunen, som handsamar spelemiddel-søknadane til lokale kulturhus, slik at vi får ei mest mogleg heilskapeleg og rettvis handsaming. Svar på søknadane er ventande ca 15. juni.

SØKNADSFRISTEN ER NO PASSERT, LINK TIL SKJEMA ER DIFOR FJERNA