No må alle søkjarar ha org.nummer

Frå og med i år vil vi krevje at alle som søkjer midlar frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har organisasjonsnummer. Kravet vil bli innført gradvis slik at lag som ikkje har dette på plass enda vil få tid til dette. Sjå her korleis du ordnar dette og når kravet blir innført.

For å få organisasjonsnummer må ein vere registrert i Brønnøysundregistra, anten som lag/foreining (Frivilligregisteret), stifting (Samordna registermelding) eller som bedrift.

Det er ikkje nytt at vi har bede søkjar om å oppgi organisasjonsnummer, men fram til no har vi òg gitt søkjarar høve til å velgje “har ikkje org.nr.” Men når også søkjarar som er registrert i frivilligregisteret nyttar dette valet flittig, utfordrar dette våre kostnadar i høve til oppfølginga av gåvetildelingane. Med tusenvis av tildelte gåver vil denne utfordringa berre auke framover. Og sidan vi har som mål å nytte mest mogleg av midlane til gåver og minst mogleg til administrasjon, tar vi no altså nokre kostnadsbesparande grep også her.

Det er dessutan færre og færre lag som ikkje har organisasjonsnummer, då dette er naudsynt i stadig fleire samanhangar. Mellom anna må ein ha dette for å få adgang til “Grasrotandelen” (som vi elles oppmodar alle lag til å melde seg til). Det er òg blitt ganske enkelt å søkje om organisasjonsnummer; sjå korleis ein gjer det her: https://www.brreg.no/lag-og-foreiningar-nn/registrering-i-frivilligregisteret/

Kravet om organisasjonsnummer blir innført i samband med lansering av nytt søknadssystem i februar. Det nye systemet vil først bli nytta på “ordinær søknad” med søknadsfrist 1. mars, og for “forenkla søknad” frå 1. mai 2019.