Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane » Blog Archive » Oppdatert info: Dagsturhytta.no

Oppdatert info: Dagsturhytta.no

Mange er opptekne av dei 26 dagsturhyttene som er i ferd med å bli sett ut på populære turmål i fylket. Difor har vi oppretta nettsida dagsturhytta.no så du kan følgje med på hytta i din kommune.

Dagsturhyttene er eit samarbeid mellom oss, fylkeskommunen og kommunane; og er Sparebankstiftinga sitt største prosjekt så langt. Den første dagsturhytta kom på plass i Gloppen allereie i desember 2017, der den førte til eit enormt besøk (tellarar på stien opp til hytta registrerte heile 26.000 passeringar i 2017!)

I skrivande stund er 18 av 26 dagsturhytter på plass, og dei siste hyttene snekra og pakka for siste transport. På nettsida dagsturhytta.no kan du halde deg oppdatert på når hytta kjem (evt. kom) i din kommune, kvar den ligg og korleis du kjem deg dit, samt mykje annan nyttig info. Nettsida vil òg bli utvikla med meir info og nyttig innhald etter kvart, så bokmerk gjerne sida først som sist…