Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane » Om oss

Om oss

FOTO: Bjørn Andreas NymoenSparebankstiftinga Sogn og Fjordane vart etablert hausten 2010, og er saman med Sparebankstiftinga Fjaler eigar av Sparebanken Sogn og Fjordane. Gjennom sitt eigarskap i sparebanken har stiftinga ein eigenkapital på nærare 1,8 milliardar og er dermed ein av dei største forretningsstiftingane i landet.

Stiftinga  forvaltar store verdiar og har ambisjonar om å verte ein viktig aktør i samfunnsutviklinga i fylket, først og fremst som den dominerande eigaren av den største banken i fylket, men også gjennom utdeling av gåver til allmennyttige formål.  Som eigar av banken vil vi få årlege utbytter på våre eigenkapitalbevis, og deler av dette vil gjevast som støtte til lags- og kulturlivet i fylket- i god sparebanktradisjon.

Sparebankstiftinga har følgjande formål:

  • Å vere ein langsiktig og stabil eigar i Sparebanken Sogn og Fjordane, og å vidareføre sparebanktradisjonar.
  • Gi gåver til allmennyttige føremål. Ved si verksemd skal stiftinga støtte Sparebanken Sogn og Fjordane si verksemd.
  • Plassere midlar på ein føremålstenleg og trygg måte ut frå omsynet til trygd, risikospreiing, likviditet og avkastning.