Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane » Generalforsamling

Generalforsamling

Generalforsamlinga er stiftinga sitt høgaste organ og vel styret sine medlemer. I tillegg fastset generalforsamlinga godtgjersle til styret, føretar val av revisor og fastset revisor si godtgjersle. I tillegg skal generalforsamlinga godkjenne stiftinga sitt årsoppgjer og føre tilsyn med stiftinga si verksemd.

Generalforsamlinga skal etter vedtektene ha 12 medlemer og 4 varamedlemer. Medlemene skal veljast av og mellom innskytarar med bustadaddresse Sogn og Fjordane, og som dei siste seks månader før kunngjeringa av  valet har hatt  innskot i Sparebanken Sogn og Fjordane. Medlemene blir valde for 4 år, medan varamedlemene blir valde for eitt år om gongen.

Vala til generalforsamlinga skal skje innan utgangen av april månad kvart år.

Den årlege ordinære generalforsamlinga fastset dei økonomiske rammene for gåvetildeling etter framlegg frå styret.

Følgjande personar er valde som medlemer og varamedlemer til stiftinga si generalforsamling:

Medlemer

Jon Gimmestad, Sandane (leiar)

Bente Nesse, Vadheim  (nestleiar)

Linda Hovland, Dale

Anne Margrethe Ramstad Øvsthus, Førde

Jarl Tyssekvam, Sande

Åge Avedal, Førde

Gro Rukan, Eikefjord

Birte Elin Kjørvik Fossheim, Sandane

Elin Tveit Sveen, Svanøy

Laila Johannesen, Leirvik

Monika Refvik, Raudeberg

Geir Støfring, Vassenden

Varamedlemer (alle på val kvart år)

1. Christine Lunde, Stryn
2. Rune Taklo, Nordfjordeid
3. Roar Vangsnes, Leikanger
4. Svein Arne Sandvik, Svelgen