Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane » Personvernerklæring

Personvernerklæring

Personvernerklæring

 

  1. Innleiing

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, p.b. 113, 6801 Førde (stiftinga), er behandlingsansvarleg for behandling av personopplysningar i samband med verksemda og realisering av formålet som er vidareføring av sparebanktradisjonen, gåveutdeling og kapitalforvaltning.

Stiftinga handsamar personopplysningane i samsvar med den til kvar tid gjeldande personvernlovgiving. Regelverket skal verne personar mot misbruk av personopplysningar.

Stiftinga er opptatt av personvernet til personar stiftinga har registrert personopplysningar:

  • Gåvesøkjarar
  • Medlemer av generalforsamlinga og styremedlemmer
  • Tilsette
  • Leverandørar

 

For å sikre at personopplysningane vert handtert på ein sikker og forsvarleg måte har vi etablert følgjande retningslinjer:

  1. Formålet med handsaminga

For å kunne administrere arbeidet med stiftinga sine formål og aktivitetar må stiftinga handsame visse personopplysningar. Vi nyttar personopplysningar kun til følgjande formål:

  1. Handsaming av gåvesøknader
  2. Administrere arbeidsforhold til tilsette og tillitsvalde
  3. Oppfølging og dialog med leverandørar
  4. Kva personopplysningar som vert handsama

Kun personopplysningar som er naudsynte for å gjennomføre formålet og verksemda.

  1. Handsamingsgrunnlag

Stiftinga har i følgje personopplysningslova rettsleg grunnlag til å handsame personopplysningar for å kunne gjennomføre formålet.

Stiftinga sitt rettslege grunnlag er anten samtykke frå den registrerte, behandlinga er nødvendig for å oppfylle avtalar med den registrerte, eller behandlinga er basert på stiftinga sine vilkår for samhandling.

  1. Sikkerheit

Stiftinga vil kontinuerleg syte for at personopplysningar ikkje vert misbrukte, og at dei er korrekte.

  1. Personopplysningar til tredjepartar

Stiftinga kan gi tredjepartar tilgang til personopplysningar når det er naudsynt for å gjennomføre formålet. Døme på slik tredjepart er IT-leverandør.

Stiftinga inngår databehandlaravtalar med underleverandørar som kan få tilgang til personopplysningar. Desse vil ikkje kunne nytte slike personopplysningar til andre formål enn det som er avtalt med stiftinga.

  1. Rettar / innsyn

Den registrerte kan krevje innsyn i opplysningane, og krevje retting eller sletting av personopplysningar, medrekna be om avgrensa bruk av personopplysningar, samt protestere mot bruken av dei.

Den registrerte kan be om dataportabilitet, det vil seie at personopplysningar registrerte hos stiftinga kan overførast til ein tredjemann.

Spørsmål om innsyn i kva personopplysningar stiftinga har lagra kan rettast til administrasjonen i stiftinga per post (Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane // Pb. 113 // 6801 Førde) eller e-post (post@sparebankstiftinga.no).

Den registrerete har rett til å klage til Datatilsynet dersom dei meiner stiftinga handsamar personopplysningane i strid med personvernreglene.

  1. Oppbevaring og sletting av personopplysningar

Stiftinga oppbevarer ikkje personopplysningar lenger enn det er naudsynt for å administrere og gjennomføre formålet, med mindre stiftinga etter lov er pålagt å lagre opplysningane lenger.

Personopplysningar oppgitt i gåvesøknadar vert lagra i 5 år. Personopplysningar relatert til søknadar som blir imøtekomne vert lagra i 5 år etter at tiltaket er avslutta og sluttrapport er registrert.

For tilsette og tillitsvalde vert personopplysningane lagra i perioden dei er tilsette/valde for, med mindre stiftinga etter lov er pålagt å lagre opplysningane lenger.

  1. Endringar

Oppstår det endring i våre tenester elle endring i regelverk om behandling av personopplysningar, kan det medføre behov for oppdatering av denne informasjonen. Oppdatert informasjon vil ein finne lett tilgjengeleg på nettsida vår.

 

 

Fastsett av styret i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane 21.08. 2018.