Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane » Strategidokument

Strategidokument

Strategi 2016-2019

Bakgrunn og føremål

Bakgrunnen for sparebankstiftingane er å sikre at midlane opparbeidd gjennom nær 200 år (gjennom lokale sparebankar, og kornmagasin før dette) er sikra lokal nytte og lokalt eigarskap.

Sparebankstiftinga sitt føremål er difor å forvalte sin eigarskap av Sparebanken Sogn og Fjordane (SSF) på langsiktig og stabilt vis, og vidareføre sparebanktradisjonane. Mellom anna gjennom gåver til allmennyttige føremål i distriktet som har bygd opp kapitalen, og å støtte SSF si verksemd.

Eigarstrategi

Målsettingar for eigarstrategien er at

  • Vi skal vere ein langsiktig og stabil eigar i SSF med ein eigardel om lag som i dag (94,12%) så lenge banken ikkje er børsnotert.
  • Vi skal ha beredskap for å legge til rette for børsnotering av SSF når tilhøva tilseier det, men framleis ha ein eigardel på minimum 67%.
  • Vi skal vere ein aktiv og krevjande eigar, og bistå slik at SSF er ein konkurransedyktig bank.

Forvaltningsstrategi

Målsettingar for forvaltningsstrategien er at

  • Stiftinga sine midlar skal plasserast på ein føremålstenleg og trygg måte.
  • Stiftinga vil sikre stabil drift, dele ut gåvemidlar og kunne delta i framtidige kapitalutvidingar.
  • Ved sal av andelar skal inntektene settast av til kapitalutviding i SSF.
  • Stiftinga skal ha høg etisk standard og evig drift som mål for si kapitalforvaltning.

Gåvestrategi

Målsettinga med gåvetildelingane er at vi skal gjere fylket til ein rikare og betre plass å vere gjennom å fremje verdiar som mangfald, trivsel og utvikling.

 

Hovuddelen av midlane vert delt ut etter søknad. Men stiftinga vil i tillegg ta eigne initiativ for å utfylle dei mottekne søknadane med område stiftinga ønskjer å prioritere. I inneverande planperiode vil dette gjelde områda miljø, integrering og overordna næringssatsing.

 

Stiftinga har definert overordna næringssatsing som det viktigaste av desse områda i åra framover. Det vil seie at stiftinga vil prioritere meir midlar på dette området, føresett at årleg gåvebeløp kan aukast i åra framover. Stiftinga vil ikkje redusere midlar til øvrige føremål.

Kommunikasjonsstrategi

Målsettingar for kommunikasjonsstrategien er at

  • Stiftinga skal vere imøtekomande, truverdige og opne om vårt virke.
  • Gjennom media skal vi framstå med kunnskap, etikk og sjarm.
  • Stiftinga skal kommunisere i harmoni med SSF og støtte opp om deira omdømme.
  • Vi skal vere opne også i høve til direkte dialog med søkjarane. Stiftinga vil imøtekome søkjarar som ønskjer å presentere sine prosjekt, eller som ønskjer bistand i søknadsutforming, i størst mogleg grad.
  • Unntak iht. openheit er at stiftinga ikkje grunngjer avslag på gåvesøknader eller opplyser om plasseringar som kan utløyse marknadspåverknad.