Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane » Stiftinga si verksemd

Stiftinga si verksemd

Arbeidsoppgåver

Viktige arbeidsoppgåver for styring og kontroll med verksemda i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er å

  • Sjå til at lover, vedtekter, reglar og etiske retningslinjer blir etterlevd
  • Fastsette, informere om og følgje opp vedtak og dokument som omfattar stiftinga sin visjon, verdiar, mål og strategiar
  • Etablere rutinar som sikrar styrande organ tilfredsstillande innsikt og kontroll med verksemda. Dette omfattar stiftinga sine investeringar, gåvetildelingar og forvaltning av stiftinga sine verdiar
  • Etablere eit informasjons- og kommunikasjonsopplegg som sikrar stiftinga sine interessegrupper og folk flest innsyn i korleis verdiar og gåveinstitutt blir forvalta.

Strategi, risiko og rutinar for etterleving

Styret har utarbeidd ein forvaltningsstrategi, som skal sikre at stiftinga sine verdiar blir forvalta på ein sikker og god måte, og at verdiane ikkje vert eksponerte for uventa hendingar. Det er også utarbeidd ein samhandlings- og eigarstrategi, som skal sikre at stiftinga kan oppfylle målet om eit tilfredsstillande utbytte og god verdiauke på eigenkapitalbevisa.

Ansvarsfordeling mellom styret og administrasjon og reglar for rapportering til styret er fastsett gjennom instruks for styret og dagleg leiar, prinsipp for styring og kontroll og  rutine for risikostyring. I tillegg er det utarbeidd rutine for tenestekjøp, rutine for rekneskapsføring og rutine for gåvetildeling.

Openheit

Informasjon til banken og stiftinga sine interessegrupper om styrande organ, prosess for gåvetildeling og framtidige investeringar er viktige element i god styring av verksemda. Stiftinga har difor oppretta eigen nettportal der informasjon om styrande organ, vedtekter, strategi, etiske retningslinjer, søknadsskjema for gåver, søknadsfristar og opplysningar om kva for søkjarar som blir prioritert/ikkje prioritert blir lagt ut.

Etter kvart som det blir aktuelt vil liste over tildelte gåver og investeringsportefølje også bli lagt ut.

Forvaltning

I forvaltning av stiftinga sine verdiar skal det takast utgangspunkt i at stiftinga skal kunne delta i framtidige kapitalutvidingar i Sparebanken Sogn og Fjordane og sikre stabil drift med gåveutdeling. Stiftinga skal ha evigvarande drift som utgangspunkt for si kapitalforvaltning og skal ikkje investere i høgrisikoprodukt som derivat, strukturerte produkt, valuta, terminforretningar og enkeltaksjar. Det skal også visast stor grad av aktsemd for å unngå investeringar som utgjer ein uakseptabel risiko for medverknad til uetiske handlingar, krenking av menneske- og arbeidstakarrettar, korrupsjon og miljøøydeleggingar.

Etiske retningslinjer

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er avhengig av full tillit frå alle interessegrupper; søkjarar av gåvemidlar, styresmakter, leverandørar og andre forretningssamband, tilsette og frå folk flest. Det må ikkje vere tvil om tillitsvalde og tilsette sin profesjonalitet og integritet.

Det er difor utarbeidd etiske reglar som inneheld  generelle prinsipp for aktsemd  ved utøving av arbeid eller verv for stiftinga. Reglane gjeld for medlemer i styrande organ og alle tilsette.