Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane » Vedtekter

Vedtekter

Vedtekter for Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane

Skipa 17. august 2010

Endra den 12. april 2012

Endra den 12. april 2016

Endra den 18. oktober 2016

Endra den 18. april 2018

 

1 Allmenne reglar

1-1 Firma og forretningskontor

Stiftinga sitt namn er Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Stiftinga sitt forretningskontor er i Førde kommune.

 

1-2 Føremål

Stiftinga sine føremål er å forvalte eigenkapitalbevis som stiftinga vart tilført ved skipinga, stå for eit langsiktig og stabilt eigarskap i Sparebanken Sogn og Fjordane og å vidareføre sparebanktradisjonane.

Stiftinga sitt føremål skal vidare vere å gi gåver til allmennyttige føremål. Ved sine disposisjonar skal stiftinga først og fremst ta omsyn til det distriktet som har bygd opp kapitalen til Sparebanken Sogn og Fjordane. Ved si verksemd skal stiftinga støtte Sparebanken Sogn og Fjordane si verksemd.

Stiftinga skal i tillegg plassere midlane på ein føremålstenleg og trygg måte ut frå omsynet til trygd, risikospreiing, likviditet og avkasting.

Elles kan stiftinga stå for anna verksemd som kan sameinast med nemnde føremål og finansforetaklova.

 

1-3 Stiftinga sin kapital

Stiftinga vart skipa med 17 835 000 eigenkapitalbevis, kvar pålydande kr 100 i Sparebanken Sogn og Fjordane. Grunnkapitalen utgjer kr 1 408 500 000.

 

1-4 Utferding av eigenkapitalbevis og opptak av lån

Stiftinga kan utferde eigenkapitalbevis og ta opp lån i samsvar med dei rammer som til ei kvar tid går fram av lov om stiftingar og anna lovgjeving.

 

2 Stiftinga sine organ 

2-1 Organ

Stiftinga skal ha generalforsamling, styre og dagleg leiar.

 

2-2 Val av generalforsamling

Generalforsamlinga skal ha 12 medlemmer og 4 varamedlemer. Samansettinga av generalforsamlinga skal spegle kundestrukturen i Sparebanken Sogn og Fjordane som skipa stiftinga, andre interessegrupper og samfunnsmessige interesser knytte til sparebankstiftinga si verksemd.

Medlemene vert valde av og mellom innskytarar med bustadadresse i Sogn og Fjordane, som dei siste 6 månader før kunngjeringa av valet har hatt innskot i Sparebanken Sogn og Fjordane over eit bestemt beløp, som vert fastsett av styret i stiftinga. Ingen innskytar kan avgi meir enn ei stemme.

Generalforsamlinga vel ein valkomitè med 4 medlemer. Medlemene av valkomitèen vert valde for to år.  To av medlemene vert valde i partalsår, medan ein medlem vert valt i oddetalsår. Leiar av generalforsamlinga er fjerde medlem og skal vere leiar av valkomitèen. Valkomiteen skal førebu vala, her under ta omsyn til at samansettinga av generalforsamlinga skal spegle kundestrukturen i Sparebanken Sogn og Fjordane som skipa stiftinga, andre interessegrupper og samfunnsmessige interesser knytte til sparebankstiftinga si verksemd. Vala skal organiserast av styret i stiftinga. Valet skal kunngjerast i lokale medier seinast 14 dagar før valet skal finne stad, og elles slik styret bestemmer. Valet kan gjennomførast ved brev, her under elektronisk post eller annen forsvarlig måte etter styret si nærmare avgjerd. Valkomitèen skal i sitt arbeid ta geografiske omsyn slik at dei kommunane der Sparebanken Sogn og Fjordane har verksemda si, så langt det let seg gjere, vert representerte.

Medlemene av generalforsamlinga vert som hovudregel valde for 4 år. Varamedlemer skal veljast for 1 år. Vala til generalforsamlinga skal gjennomførast kvart år innan utløpet av april månad. Attval kan finne stad.

Generalforsamlinga vel sjølv leiar og nestleiar. Leiar og nestleiar vert valde for to år; val av leiar skjer i oddetalsår og nestleiar i partalsår. Val av medlemer eller varamedlemer av generalforsamlinga skal skje innanfor den til ei kvar tid gjeldande lovgjeving. Medlemer og varamedlemer av generalforsamlinga må ikkje ha styreombod eller vere tilsett i selskap som konkurrerer med Sparebanken Sogn og Fjordane. Dersom noko medlem i løpet av funksjonstida kjem i ein slik situasjon, kjem varamedlemen inn i vedkomande sin stad inntil det kan veljast ny medlem for resten av vedkomande medlem si funksjonstid. Dersom ein varamedlem kjem i nemnde situasjon, går vedkomande ut som varamedlem.

 

2-3 Møta i generalforsamlinga

Innan 1. juli kvart år skal stiftinga gjennomføre ordinær generalforsamling, første gang i 2011. Generalforsamlinga vert gjennomført der stiftinga har forretningskontor. I den ordinære generalforsamlinga skal følgjande saker handsamast og avgjerast:

Val av styremedlemer

Fastsette godtgjersle til styret sine medlemer

Val av medlemer til valkomité, jf. § 2-2

Val av revisor og fastsetting av revisor si godtgjersle

Føre tilsyn med stiftinga si verksemd

Godkjenning av årsrekneskap og årsmelding

Vedta gransking

Vedta omdanning av stiftinga etter forslag frå styret

Vedta etter forslag frå styret, bruk av årets overskot, her under kor stor del av årets overskot som skal brukast til gåveføremål

Andre saker som etter lov eller vedtekter høyrer under generalforsamlinga som saksførebuande, rådgjevande eller avgjerande organ.

 

I tillegg skal generalforsamlinga etter forslag frå styret handsame:

Endring av stiftinga sine vedtekter

Avhending av eigenkapitalbevis i Sparebanken Sogn og Fjordane som stiftinga vart skipa med.

Forvalting av stiftinga sine midlar gjennom samtykke til omdanning av Sparebanken Sogn og Fjordane til aksjebank/allmennaksjebank, fisjon av banken og avhending av en vesentlig del av Sparebanken Sogn og Fjordane si verksemd

Oppløysing av stiftinga

Generalforsamlinga vert innkalla av styret. Ved kjent forfall vert varamedlemer innkalla.

Styret kan bestemme at det skal innkallast til ekstraordinær generalforsamling. Styret skal innkalle til ekstraordinær generalforsamling når revisor eller minst 2 medlemmer av generalforsamlinga skriftleg krev det for å få handsama eit bestemt oppgitt emne.

Innkalling til generalforsamling skal innehalde opplysningar om tid og stad for møtet, og dei saker som skal handsamast på generalforsamlinga. Innkalling til ordinær generalforsamling skal sendast seinast 14 dagar før generalforsamlinga. Innkalling til ekstraordinær generalforsamling skal kunngjerast seinast 7 dagar før generalforsamlinga om ikkje ein lengre frist følgjer av den til ei kvar tid gjeldande lovgjeving.

Eit medlem har rett til å få handsama ei sak meldt skriftleg til styret innan ei veke før møtet i generalforsamlinga vert halde.

Kvart einskilt medlem av generalforsamlinga har ei stemme i generalforsamlinga.

Generalforsamlinga kan ta avgjerd når minst halvparten av medlemmene er til stades. Ei avgjerd av generalforsamlinga krev simpelt fleirtal av dei avgitte stemmene om ikkje anna er fastsett i lov eller vedtekter.

Avgjerd om å oppløyse stiftinga og om å endre stiftinga sitt føremål i andre tilfell enn ved samanslåing krev tilslutnad frå alle som deltar i møtet (samrøystes vedtak). Andre avgjerder som nemnt i punkt 11 til 13 krev tilslutnad frå minst 2/3 av dei som deltek i møtet. Avgjerd om oppløysing og om å endre vedtektene skal føreleggast rette styremakter for godkjenning.

Styreleiar skal møte på generalforsamlinga. Dei andre styremedlemene og dagleg leiar har møterett. Det skal førast protokoll over forhandlingane. Protokollen skal underskrivast av møteleiaren og to andre personar som vert utpeika av generalforsamlinga mellom dei som er til stades.

 

2-4 Styret

Stiftinga skal ha eit styre på 3 til 8 medlemer og 2 varamedlemer.

Styret skal ha det mynde og ansvar som følgjer av den til ei kvar tid gjeldande lovgjeving og desse vedtekter.

Styremedlemer, her under styreleiar og varamedlemer, vert valde av generalforsamlinga for to år om gongen. Avhengig av om styret har 3, 5 eller 7 medlemer, skal høvesvis 1, 2 eller 3 medlemer veljast i partalsår, og 2, 3 eller 4 medlemer veljast i oddetalsår.  Attval kan finne stad.

Samansettinga av styret skal reflektere samansettinga av dei grupper som har stemmerett på generalforsamlinga. Medlemer og varamedlemer av styret skal fylle dei krav som følgjer av den til ei kvar tid gjeldande lovgjeving.

Medlemer og varamedlemer av styret må ikkje ha styreverv eller tilsetting i selskap som konkurrerer med Sparebanken Sogn og Fjordane eller eit anna selskap i same konsern som Sparebanken Sogn og Fjordane. Dersom noko medlem kjem i ein slik situasjon i løpet av funksjonstida, kjem varamedlemet inn i vedkomande sin stad dersom det er oppnemnt varamedlemer, elles vert det gjennomført suppleringsval. Dersom det er varamedlemet som kjem i ein nemnde situasjon, går vedkomande ut som varamedlem.

 

2-5 Forvaltninga av stiftinga sine midlar

Styret forvaltar stiftinga sine midlar eller fastset nærmare retningslinjer for dette. Styret skal sjå til at stiftinga sine midlar vert forvalta i samsvar med stiftinga sitt føremål, jf. § 1-2, og at verksemda er i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande reglar og stiftinga sine vedtekter.

Stiftinga skal i si forvaltning til ei kvar tid ha ein andel av eigarandelskapitalen i Sparebanken Sogn og Fjordane som er lik eller høgare enn 67 %.

 

2-6 Disponering av stiftinga sine midlar

Styret syter for utdeling av gåver innanfor dei rammer som er trekte opp av generalforsamlinga om bruk av årets overskot. Styret kan overlate til generalforsamlinga å ta avgjerd om utdeling til einskilde gåveføremål.

 

2-7 Styret si sakshandsaming

Styret skal handsame saker i møte med mindre styreleiar finn at saka kan handsamast skriftlig eller på annan trygg måte. Årsrekneskap og årsmelding skal handsamast i møte. Dagleg leiar skal møte i styremøta.

Styreleiar skal syte for handsaming av aktuelle saker som høyrer inn under styret. Styremedlemene kan krevje at styret handsamar bestemte saker. Styrehandsaming skal varslast på føremålstenleg måte og med rimeleg frist.

Styret kan ta avgjerd når meir enn halvparten av medlemene deltar i styrehandsaminga. Styret kan likevel ikkje ta avgjerd utan at alle styremedlemene, og ved kjent forfall eventuelle varamedlemene deira, så vidt mulig er gitt høve til å delta i handsaminga av saka.

Ei avgjerd av styret krev fleirtal blant dei styremedlemer som tar del i handsaminga av ei sak. Ved likt stemmetal gjeld det som styreleiar har stemt for. Er styreleiar ikkje til stades, gjeld det som møteleiaren har stemt for.

Det skal førast protokoll over styrehandsaminga.

 

2-8 Inhabilitet

Eit styremedlem må ikkje ta del i handsaming eller avgjerd av spørsmål som har slik særleg betyding for eigen del eller for nokon nærståande, at medlemet må seiast er å ha personleg eller økonomisk særinteresse i saka.

Eit styremedlem kan heller ikkje ta del i sakshandsaminga eller avgjerda når vedkomande eller nokon nærståande har stilling eller tillitsverv i en privat eller offentlig institusjon, organisasjon eller et føretak som har økonomisk eller annan særinteresse i saka, eller når vedkommande i slik eigenskap tidlegare har teke del i handsaminga av saka. Ved offentleg stilling eller verv er vedkomande likevel ikkje inhabil i saker som gjeld disponering av midlar til fordel for det offentlige.

 

2-9 Representasjon

Styreleiar eller to av styret sine medlemmer i fellesskap teiknar stiftinga sitt firma. Styret kan meddele prokura og spesialfullmakter.

 

2-10 Dagleg leiar

Styret kan tilsette ein dagleg leiar. Dersom omfanget av dei oppgåver som ligg til den daglege leiinga tilseier det, kan styret i staden inngå oppdragsavtale med person eller selskap om utføring av oppgåvene som dagleg leiar.

Dagleg leiar står for den daglege leiinga av stiftinga si verksemd, og skal følgje dei retningslinjer og pålegg styret har gitt. Dagleg leiar skal effektuere dei utdelingar stiftinga gjer, og syte for at det blir allment kjent at midlane stammar frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Den daglege leiinga omfattar ikkje saker som er av uvanleg art eller har mykjer å seie. Dagleg leiar skal syte for at selskapet sin rekneskap er i samsvar med lover og forskrifter, og at formuesforvaltinga er ordna på ein trygg måte.

Dagleg leiar må ikkje inneha styreverv eller tilsetting i selskap som konkurrerer med Sparebanken Sogn og Fjordane eller eit anna selskap i same konsern som Sparebanken Sogn og Fjordane.

 

3 Andre bestemmelsar

3-1 Disponering av årsoverskot – dekking av underskot

Stiftinga sitt overskot skal disponerast i samsvar med stiftinga sitt føremål, jf. § 1-2 innanfor dei rammer som følgjer av den til ei kvar tid gjeldande lovgjeving.

Underskot, etter styret sine disponeringar, vert dekka først av fri eigenkapital, deretter av grunnkapitalen.

 

3-2 Disponering av stiftinga sine midlar ved oppløysing av stiftinga

Ved oppløysing skal stiftinga sine midlar gå til fremjing av sparebankverksemd etter nærmare avgjerder tekne av generalforsamlinga.

Som sparebankverksemd vert i denne forbindelse også rekna fremjing av Sparebanken Sogn og Fjordane si verksemd. Avgjerd om disponering av stiftinga sine midlar ved oppløysing skal føreleggast rette styremakter for godkjenning.

 

4 Ikraftsetting

Endringar i vedtektene trer i kraft straks dei er godkjende av Finanstilsynet.