Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane » Rapport for tidlegare gåve

Rapport for tidlegare gåve

 

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane krevjer at ein sender inn rapport for alle mottekne gåver frå stiftinga. Rapporten skal sendast etter at tiltaket er gjennomført, og seinast innan eitt år etter at gåva vart tildelt.

Manglande rapportering for gåvemidlar kan føre til at ein ikkje kan søkje om gåver ved seinare høve, og i graverande tilfelle krav om tilbakeføring av gåvemidlane. (Dette gjeld både organisasjonen som mottek gåva, og personen/ personane som står ansvarleg for søknaden.)

Slik sender du inn rapport:

 

1. gå til søknadssida vår (klikk på denne linken) og logg inn med same epostadresse/passord som du brukte når du sendte søknaden (evt. klikk “gløymt passord?”)

2. klikk på “Mine Søknadar” på menyen øvst på sida

3. Klikk på “handling”-knappen og velg “Lag rapport”

4. fyll ut og klikk “send rapport”.

 

 

Dersom du vil ha kvittering på at rapport er sendt inn, kan du sende ein mail til post[at]sparebankstiftinga.no og be om dette.