Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane » Spørsmål & svar

Spørsmål & svar

Her er svar på nokre av dei vanlegaste spørsmåla til oss i Sparebankstiftinga:

(Lista blir supplert etter kvart – er det noko anna du lurer på, er det berre å kontakte oss.)

?: Når får vi svar på søknaden?

På “forenkla søknad” får du svar innan 4 veker. Dei ordinære søknadsrundane har ca 8 vekers handsamingstid.

?: Eg får ikkje registrert meg som brukar

– Det vanlegaste problemet her er at epostadressa du nyttar er registrert frå før. I så fall kan du klikke på “gløymt passord” og taste inn epostadressa di. Får du svar om at adressa ikkje er registrert, kan det vere at infokapslane ikkje er skrudd på (sjå “eg får ikkje til å logge inn på søknadsskjemaet” nedanfor).

?: Eg får ikkje epost frå dykk (anten ved “glemt passord” og/eller “kvittering på sendt søknad” og/eller “svar på søknad”)

Forklaringa på dette er truleg at du har ei så streng sikkerheitsinnstilling på PC’en din at epostprogrammet ditt legg mailen i Spam-mappa/søppelpost. Ein sjeldan gong er det epost-serveren din som har for streng sikkerheitsinnstilling; dette får vi diverre ikkje gjort noko med sidan det er epost-leverandøren din som styrer dette. (Det er difor vi ber om to ulike epostadresser når du sender inn søknaden.)

?: Eg får ikkje til å logge inn på søknadsskjemaet?

– Dei to vanlegaste årsakene til dette er 1) feil brukarnamn eller passord (mellomrom etter siste teikn i passordet er ein gjengangar..), og 2) du har ikkje slått på informasjonskapslar (cookies) i nettlesaren din. Dette må du gjere sjølv i nettlesaren på di datamaskin.

Her er bruksanvisning for korleis du slår på cookies i nettlesaren Mozilla Firefox: Opne nettlesaren din og gå inn på menyen «Verktøy – Innstillinger – Personvern». Sjekk at du har innstillingane som vist nedanfor.  Sjekk spesielt at du har kryss i rutene for «Tillat infokapsler» og Tillat tredjeparts infokapsler»

Slik gjer du det i Explorer:

Klikk «Verktøy» på toppmenyen. Velg «Alternativer for internett». Velg «Personvern». Klikk på «Avansert». Klikk «godta» på både Førsteparts og Tredjeparts informasjonskapsler.

 

Her er framgangsmåten for å få det til å fungere i Safari:

Gå til «Privacy» innstillingane.  Trykk på knappen «Remove All Website Data» og sett «Block cookies» til «Never».

 

Andre nettlesarar kan variere litt – men stort sett liknar framgangsmåten nokon av desse.