Vårens søknadsrunde er i gong

Har du planar eller idéar om samfunnsnyttige tiltak som kan gjere Sogn og Fjordane til ein betre plass å bu? Då kan du søkje om gåvemidlar frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane fram til 1. mars.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er hovudeigar av Sparebanken Sogn og Fjordane, og har som eit av sine hovudoppdrag å dele av overskotet frå bankdrifta i gåver tilbake til samfunnet som historisk har skapt verdiane.  Dette gjer vi i hovudsak gjennom å utlyse to søknadsrundar i året, der vi no altså har opna for vårens søknadar fram til 1. mars. (neste søknadsrunde blir i august, med søknadsfrist 1. september.)

Alle søknadar vert å sende inn via vår søknadsportal, som du finn HER. Du registrerer deg først med din personlege epost/mobilnr, dernest fyller du ut kva organisasjon du ønskjer å søkje på vegne av og kva tiltak de har planar om å gjennomføre (det er òg mogleg å søkje på vegne av fleire organisasjonar). Vi krevjer at alle lag ein søkjer om midlar til har eit org.nr (om laget ikkje har dette, må de registrere laget i Brønnøysundregistra), og at alle søknadar legg ved eit budsjett for tiltaket ein søkjer om midlar til.

Handsamingstida for ordinære søknadar er 8 veker, og du vil få svar tilsendt den epostadressa (samt ein sms til mobilnummeret) som du registrerte deg med.

I tillegg til dei ordinære søknadsrundane har vi også ei ordning for «litt midlar kjapt» som vi kallar Forenkla søknad; her kan ein søkje om inntil 10.000 kroner gjennom heile året, og få svar i løpet av ein månad.

Du kan lese meir om vilkåra og prioriteringane våre HER – eventuelt slå på tråden til gåveansvarleg Pål Fidjestøl på tlf 91158009 om du har spørsmål eller treng hjelp eller tips i samband med ein søknad.