bilde av nokon som har mottat furorstipend

Søk Furorestipend!

/

Er du 15-30 år og har eit spesielt talent? Då kan du søkje Sparebankstiftinga om personleg FURORE-stipend i kategoriane Kultur, Idrett og Open klasse fram til 15. juni.

Furorestipendet har blitt utdelt sidan 2009, og går til ungdom (som vi i denne samanhengen definerer som frå året ein fyller 15 til året ein fyller 30) som har eit spesielt talent der ein både kan vise til gode resultat og til ein plan for å satse vidare på sitt talent.

Søknadsskjema for Furorestipendet finn du i vår søknadsportal.

Ditt talent kan vere innan nær sagt kva som helst. Om ein ikkje har resultatlister å vise til (som i idrett), kan du t.d. nytte medieklipp/linkar, referansar frå lærekrefter eller andre typar merksemd/tilbakemeldingar du har fått.

For søknadar om Furorestipend er det ikkje naudsynt å legge budsjett ved søknaden – men som sagt ser vi etter deg som har konkrete planar for å satse vidare, så fortell gjerne litt om korleis du tenkjer nytte eit eventuelt stipend.

Furorestipendet er eit personleg stipend, og det er ikkje krav om rapportering på bruken av midlane. Stipend-beløpet er normalt 50.000 kroner pr stipend; og det vert vanlegvis delt ut 8 stipend pr. år.