Yngve er ny gåvesjef i Sparebankstiftinga

Yngve er ny gåvesjef

Yngve Thorsen frå Førde er tilsett som leiar for gåve og samfunnskontakt i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er hovudeigaren til Sparebanken Sogn og Fjordane og eit viktig formål til stiftinga er å dele ut gåvemidlar til samfunnsnyttige tiltak i regionen.

Yngve Thorsen får ei sentral rolle i arbeidet med å tildele gåvemidlar og vidareutvikle gode tiltak for regionen. Sparebankstiftinga har 60 millionar kroner i gåvebudsjettet i 2023.

– Eg er svært glad for tilliten, og ser verkeleg fram til å vere med å utvikle stiftinga sitt arbeid vidare. Sparebankstiftinga spelar ei svært viktig rolle i høve til samfunnsutvikling og kultur, og representerer oljen i maskineriet, som skapar attraktive lokalsamfunn og bulyst i regionen. Eg gler meg stort til å ta fatt på dette viktige oppdraget, seier Yngve Thorsen.

Startar i haust

Thorsen har jobba i Coop Nordvest sidan 2018. Han startar opp i stillinga 1 oktober, og tek over stillinga etter Pål Fidjestøl som har flytta til Bergen.

-Det er med eit visst vemod at eg forlet Coop Nordvest, ein spennande organisasjon som eg er blitt ordentleg glad i. Likevel blir eg særleg motivert av Sparebankstiftinga sitt samfunnsoppdrag, og ser verkeleg fram til å vere ein medspelar til å løyse ut gode krefter i våre lokalsamfunn, fortel han.

Mange gode søkarar

Direktør i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Hallvard Klakegg, fortel at det var stor interesse for stillinga, med godt over 30 søknader. Han er svært fornøgd med å få Thorsen med på laget.

-Yngve har både ein bakgrunn og personlege eigenskapar som vil passe veldig godt i denne jobben. Han har god erfaring frå organisasjonsarbeid på både lokalt, regional og nasjonalt nivå og i tillegg har han dei siste åra bygd seg erfaring og kompetanse innan næringslivet, seier Klakegg.

Han legg til at dei personlege eigenskapane til Yngve er minst like viktige.

-Yngve er flink med folk, har god gjennomføringskraft og er open og tillitsfull. Han er det vi kan kalle heil ved