Oppføringer av paal

Første DRIV-pris til Corvus Energy

DRIV-prisen er ein ny innovasjonspris til idéen som er det beste bidraget til «det grøne skiftet» i Vestland fylke. Corvus Energy frå Bergen vann prisen det første året.

Gåver til lagseigde kulturhus

Organisasjonen Huset i Bygda har fått ei gåve på 650.000 kroner av overskotet frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Dermed får dei ansvaret for å dele ut midlar til lagseigde kulturhus sjølv i år.

Oppdatert info: Dagsturhytta.no

Mange er opptekne av dei 26 dagsturhyttene som er i ferd med å bli sett ut på populære turmål i fylket. Difor har vi oppretta nettsida dagsturhytta.no så du kan følgje med på hytta i din kommune.

No må alle søkjarar ha org.nummer

Frå og med i år vil vi krevje at alle som søkjer midlar frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har organisasjonsnummer. Kravet vil bli innført gradvis slik at lag som ikkje har dette på plass enda vil få tid til dette. Sjå her korleis du ordnar dette og når kravet blir innført.

Søknadskurs i august

Vi køyrer som vanleg ein runde med våre populære gratis søknadskurs, i forkant av vår søknadsfrist 1. september. Denne gongen blir det fire kurs kringom i fylket i slutten av august – sjå kvar og når kursa blir her. Sparebankstiftinga sine søknadskurs tar føre seg korleis ein god søknad ser ut, og har som mål å […]