Oppføringer av paal

2.760.000 kroner delt ut

Her er dei som har fått gåver frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane i årets siste ordinære gåverunde:

Årets gründer heiter Highsoft Solutions AS

Torsdag 1. november vart vinnaren på vår konkurranse “Årets Gründeride 2012” kåra “live” på NRK Sogn og Fjordane, frå scena på Temposeminaret. Og fylket sin eigen Reodor Felgen vart ein friluftsmann som eigentleg berre skulle vise snømengda på Vikafjellet.

Barn teiknar Førde sentrum!

No kan barn opp til 7. klasse vere med og forme eit byrom i Førde. Sparebankstiftinga har ansvar for å omsetje ein av barneteikningane til ferdig installasjon – i full storleik.

Stiftinga, banken og NRK kårer årets gründer

Vi ønskjer å stimulere til innovasjon, og gje innovatørane i fylket etterlengta merksemd. Difor kårer vi, saman med NRK og Sparebanken Sogn og Fjordane, «Årets Gründerpris 2012». 

250 søknadar om 26,5 millionar i haustrunden

Årets siste søknadsfrist for kategori “fullstendig søknad” er passert, og søknadane vi har fått inn syner eit svært høgt nivå på allmennyttige tiltak i fylket. Lag og organisasjonar i Sogn og Fjordane fylke held eit imponerande aktivitetsnivå også i 2012, noko søknadane vi hadde registrert til søknadsfristen 1. september er eit godt prov på. Og det er heller […]

Svar på “fullstendig søknad” kjem 9. november 2012

Svar på haust-søknadane i kategori “fullstendig søknad” blir ei veke seinare enn vanleg; det kjem i eposten din og på denne sida fredag 9. november. Søknadsfristen 1. september for “fullstendig søknad” nærmar seg med stormskritt, og neste naturlege spørsmål er sjølvsagt “når får vi svar?” Og svar på ALLE søknadane i haust-runden kjem altså fredag 9. november. “Kvar finn […]

Givarglede

Kultursjef i Sparebankstiftinga Pål Fidjestøl har skrive blogginnlegg på meirennbank.no Les blogginnlegget her

Eldsjelsamlinga – haustens høgdepunkt!

Eldsjelsamlinga 2012 nærmar seg, og Sparebankstiftinga inviterer til både flott program og god mat på Skei Hotel tysdag 28. august! Sparebankstiftinga ønskjer med Eldsjelsamlinga å gi noko tilbake til alle dykk som er ei drivkraft i lokalsamfunnet ved å gjere ein innsats i frivillege lag og foreiningar i fylket vårt. Difor inviterer vi deg til […]

Søknadskurs i august

Tre søknadskurs er planlagt før søknadsfristen 1. september: Sandane onsdag 22.08, Florø torsdag 23.08 og Leikanger torsdag 30.08. Sparebankstiftinga sine gratis kurs i søknadsskriving som vi byrja med i vår, har hatt god oppslutnad, og tilbakemeldingane frå deltakarane har vore svært positive. Kurset fokuserer på korleis ein skriv gode søknadar, både til oss i Sparebankstiftinga og […]

Bli med på Eldsjelsamling!

Sparebankstiftinga gjer stas på eldsjelene i fylket på Skei 28. august – og DU er invitert! Eldsjelsamlinga er eit arrangement som vart initiert av Sparebanken Sogn og Fjordane i 2010, og arrangementet vert i år vidareført av Sparebankstiftinga. Eldsjelsamlinga er vår måte å gje noko tilbake til alle dykk som driv frivillig arbeid for andre […]