Slik søker du

Her kan du finne nyttig informasjon som vil hjelpe deg i søknadsprosessen. Vi har prøvd å gjer det så enkelt som mogleg for at du skal lukkast med søknaden din.

Steg for steg: Korleis søke?

Det kan vere mykje nytt å setje seg inn i når ein skal søke om støtte. Vi har satt opp denne rettleiiaren for å hjelpe deg å lukkast med å skrive ein god søknad.

Før du går i gong med rettleiiaren er det lurt å sjekke om tiltaket ditt innfrir vilkåra for å søke.

Les vilkåra for å søke her

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane gir ut gåver av overskotet frå SpareBank 1 Sogn og Fjordane til samfunnsnyttige tiltak. Vi ønsker generelt å bidra inn i gode spleiselag og det er derfor sjeldan at vi stiller med alle naudsynte midlar.

Vi har fire forskjellige gåveordningar:

Gåve inntil 50.000 kr

Søk om denne gåveordninga viss du søker om eit beløp under 50.000 kr på vegne av ein organisasjon eller lag/foreining. Denne gåveordninga har fortløpande handsaming og du kan legge inn søknad heile året.

Gjeld søknaden din støtte til drift av eit lag eller ei foreining må du søke i denne gåveordninga. Vi prioriterer normalt ikkje gåver til rein driftsstøtte.

Gåve over 50.000 kr

Søk i denne gåveordninga viss du søker om eit beløp over 50.000 kr på vegne av ein organisasjon eller lag/foreining. Denne gåveordninga handsamar og deler vi ut to gonger i året, ein gong på våren og ein gong på hausten. Vi opnar då opp for søknader rundt ein månad før søknadsfristane som er 1. mars og 1. september.

Furorestipendet

Dette er vårt eige stipend som vi gir ut til ungdom i alderen 15 til 30 år. Furorestipendet blir gitt i kategoriane kultur, idrett og open klasse. Kvart stipend er på 100.000 kr og det kan delast ut inntil 10 stipend kvart år. Søknadsfristen for Furorestipendet er 15. juni kvart år.

Inkluderingsfondet

Via den lokale klubben eller laget ditt kan du søke om midlar til å dekke for eksempel treningsavgift og utstyr. Målet med inkluderingsfondet er å hindre utanforskap og fråfall blant barn og unge i Sogn og Fjordane.

Start gjerne med å sette opp ein presentasjon av tiltaket du søker støtte for. Dette er ikkje eit krav men noko vi anbefaler sterkt då det vil vere med å forsterke søknaden og forenkle sakshandsaminga. Du vel sjølv kva verktøy du bruker for å sette opp presentasjonen, men last gjerne opp som pdf (maks 10 MB). Det er alltids kjekt med bilete og fin layout, men det er ikkje dette som er avgjerande for om de får støtte eller kor mykje de evt. får.

Her har vi satt opp ei liste over kva som kan vere nyttig å inkludere i ein slik presentasjon:

Introduksjon

Ein kort introduksjon av deg sjølv eller organisasjonen du representerer.

Skildring

Ei kortfatta skildring av prosjektet eller tiltaket (maks tre-fire liner).

Nøkkeltal

Spesifiser beløpet du søker om og oppgi totalbudsjettet for tiltaket.

Utfyllande informasjon

Ei meir detaljert beskriving av tiltaket. Denne kan gjerne innehalde:

  • Kven er hovudmålgruppa?
  • Kor mange brukarar vil nyte godt av tiltaket?
  • Kva ønsker de å oppnå?
  • Kvifor er dette eit viktig tilbod?
  • Informasjon om kva andre tilbod som finst (eller ikkje finst) i regionen på dette feltet.
  • Beskriv kva konsekvensar det vil ha for brukarane dersom de ikkje får støtte.
  • Har tiltaket langvarig verdi? (miljøeffekt, lokalsamfunn, kultur osv)

Har du ikkje skrive ein slik presentasjon før? Vi har satt opp ein mal som du kan laste ned og fylle ut i word.

For å få støtte til tiltak hos oss må du legge ved eit budsjett, sjølv om det berre er nokre få linjer. Dersom du ikkje legg ved eit budsjett kan søknaden bli avslått på det grunnlag aleine.

Minimumskrav

Eit minimumskrav til budsjettet er at du får med kva du skal bruke pengane på og kor pengane skal kome frå. Dersom søknaden din gjeld støtte til drift av eit lag/ ei forening, nyttar du årsbudsjettet til foreininga

Fire tips til eit godt budsjett

Når vi ser på budsjettet, er det nokre viktige element vi alltid ser etter. For å gjere prosessen enklare og meir effektiv for begge partar, har vi sett opp fire enkle tips som kan hjelpe dykk med å lage eit budsjett som møter våre forventningar.

Gjer budsjettet forståeleg

Det treng ikkje vere veldig detaljert, men det må kome tydeleg fram korleis pengane skal brukast. Tenk på det som ei enkel oversikt som viser kva du treng og korleis du skal få det til.

Forhold mellom søknadssum og totalbudsjett

Søknadssummen bør ikkje vere lik dei totale utgiftene, med mindre det er spesielle grunnar til dette.

Frivillig innsats

Dersom det er mykje frivillig innsats som går inn i tiltaket er dette positivt for søknaden å synleggjere i budsjettet. Du kan sette dette opp på følgande måte: 100 arbeidstimar à 350 kr = 35.000 kr som kostnad og inntektspost “dugnadsinnsats” på 35.000 kr.

Finansieringsplan

Dersom budsjettet endar opp med eit minus og de må søke om støtte frå fleire partar for å få det til å gå opp, tilrår vi at du i tillegg set opp ein finansieringsplan under sjølve budsjettet. Her kan du ta med alle partar du har søkt eller planlegg å søke om gåve frå. Sparebankstiftinga verdsetter eit godt spleiselag og det kan derfor også spele inn positivt om du også nemner eventuelle gåver du allereie har fått innvilga.

Når du har ferdigstilt presentasjon og budsjett for tiltaket ditt er det på tide å fylle ut sjølve søknaden. Du finn digitalt søknadsskjema i Søknadsportalen vår, ver merksam på at søknader som er levert på andre måtar ikkje vil bli vurdert. Føremålet med søknadsskjemaet er å gje eit best mogleg bilete av søkaren og tiltaket ein søker om.

Gje fullstendige opplysningar

Sjølv om ikkje alle felta i skjema er obligatorisk ber vi om at du gir så fullstendige opplysningar om tiltaket som mogleg. Mangelfulle eller uklare opplysningar kan vere grunnlag for avslag. Merk at dersom søknaden din blir avslått, vil du ikkje få ei grunngjeving for dette.

Hald det kort

Skjema er laga for at sakshandsamaren skal få eit oversyn over saka di – så eit godt tips er å halde det kort, sjølv om det er mogleg å skrive inn mykje tekst

Les deg opp på dei du søker hos

Det kan vere lurt å sette deg inn i kva som er viktig for dei du skal søke støtte hos. Samsvarer vilkår og verdiane til støtteordninga med tiltaket du søker om?

OBS: Organisasjonen du søker om midlar til må ha eit organisasjonsnummer, dersom de ikkje har dette enda, kan det ordnast gratis og enkelt på brreg.no.

Når vi er ferdig å behandle søknaden vil du få ein epost på den adressa som var registrert med søknaden.

Avslag?

Hugs at det er fullt mogleg å søke igjen.

Godkjent søknad?

Gratulerer ! Du vil få tilsendt eit tildelingsbrev på epost.

Oppgåver

Når søknaden er registrert og godkjent vil det vere nokre ting du som gåvemottakar må utføre, dette er det vi  kallar for oppgåver. Ei oppgåve kan vere utbetaling av tildelt gåve eller registrering av sluttrapport. For å sjå dine oppgåver må du logge inn i søknadsportalen, du vil få varsel på epost når du får tildelt ei ny oppgåve eller det skjer ei anna oppdatering på søknaden din.

Skriv gode søknader

Din ide er alltid det viktigaste, og vi vil alltid sjå meir på sjølve tiltaket og formåla med det, enn kor flink du er til å skrive ein søknad. Men å legge ned litt arbeid i søknaden kan likevel vere ei god investering for å få tydeleg fram dei gode sidene ved tiltaket du ønsker å gjennomføre. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane tilbyr derfor kurs i søknadsskriving kvart år før første søknadsfrist 01. mars.

Søknadskurs med Sparebankstiftinga

Korleis skrive ein sluttrapport?

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane krever at ein sender inn rapport for alle mottekne gåver frå stiftinga, uansett storleik på gåva. Rapporten skal sendast etter at tiltaket er gjennomført, og seinast innan eitt år etter at gåva vart tildelt. Når sluttrapporten er godkjent er prosessen avslutta frå søkar si side.

Sluttrapporten sender du inn ved å logge inn i Søknadsportalen og fyller inn skjema for sluttrapport på søknaden din.

Rekneskap

Vi deler ut betydelege midlar kvart år og er opptatt av at desse midlane blir brukt som avtalt. Derfor ønsker vi eit rekneskap på bruk av midlane som ein del av sluttrapporten. Inkluder alle utgifter, gåver og  gjerne også frivillige arbeidstimar.

Bilete

Sluttrapporten bør innehalde bilete, om relevant gjerne bilete som viser tiltaket både før og etter gjennomføring.

Miljøeffekt

Har tiltaket hatt tiltenkt miljøeffekt, eller har det påverka på annan måte?

Tilbakemelding

Sparebankstiftinga ønsker å bli betre, vi spør derfor alltid etter ei tilbakemelding på samarbeidet med oss. Ver gjerne ærleg og kom med innspel, positivt eller negativt.

Dersom du ikkje leverer sluttrapport kan det påverke framtidige søknadar frå både same organisasjon og ansvarleg søkar, i graverande tilfelle kan det forekomme krav om tilbakeføring av gåvemidlar. Saka vert ikkje avslutta før sluttrapport er motteke og godkjent.

Sluttrapporten sender du inn via Søknadsportalen.

Ofte stilte spørsmål

Vi støttar tiltak som arbeidar for og med barn og ungdom innan kunst og kultur, natur og friluftsliv, idrett og nærmiljø, samt overordna næringsutvikling. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane prioriterer prosjekt og organisasjonar som:

  • Arbeider for og med barn og ungdom.
  • Blir drive av frivillige.
  • Har ein positiv miljøeffekt.
  • Har langvarig verdi og nytte for lokalsamfunnet, framfor kortvarige aktivitetar, arrangement og prosjekt.
  • Er lokalt forankra, spesielt når midlane er avgrensa.
  • Har klare visjonar og tankar bak tiltaka sine.

Søknader om tiltak og investeringar med langvarig verdi og nytte for lokalsamfunnet vil normalt bli prioritert framfor søknader om rein driftsstøtte (lønn, husleige og andre driftskostnader).

Vi gir ikkje støtte til

  • Politiske parti eller føremål som kan utnyttast politisk.
  • Næringsverksemd eller prosjekt i regi av kommersielle selskap, der det ikkje er tydeleg avklart korleis eventuelt overskot blir handtert, eller der det er uklårt om det ligg kommersielle interesser bak.
  • Tiltak med negativ effekt for miljøet.
  • Typiske offentlege oppgåver.
  • Lukka medlemsorganisasjonar.

For søknader inntil 50.000 kr får du svar innan 4 veker.

For søknader over 50.000 kr får du svar innan 8 veker,

Nei, du kan ikkje søke støtte til prosjekt som allereie er avslutta.