Gåveinstituttet til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane skal bygge opp om visjonen til Sparebanken Sogn og Fjordane om å vere ei drivkraft for fylket. Midlane skal gjere fylket til ein rikare og betre plass å bu og først og fremst fremje viktige verdiar som mangfald, trivsel og utvikling. Dette er tre berebjelkar i utvikling av lokalsamfunna i Sogn og Fjordane.
Sparebankstiftinga har i 2011 hatt to søknadsrundar i året, ein på våren og ein på hausten. Ved tildelinga våren 2011 fekk stiftinga inn søknadar på nær 37 millionar kroner og delte ut 9 millionar kroner. Ved haust-tildelinga kom det inn søknadar på til saman 21,3 millionar medan det vart delt ut ca. 3,5 millionar kroner. Du finn listene over tildelte midlar i menyen til venstre.
Nyheit: Frå 1. mars 2012 innfører vi “Forenkla søknad” for deg som treng mindre beløp raskt. Desse pengane kan du søkje om heile året, og forenkla søknadar skal normalt få svar innan fire veker. Du kan nytte forenkla søknad på beløp opp til 10.000 kroner. Vil du søkje om meir, må du fylle ut ein fullstendig søknad til søknadsfristane 1. mars og 1. september som før. Dersom du vil søkje om støtte til ordinær drift av ei foreining eller eit tiltak, må du òg nytte forenkla søknad. Det vil òg seie at vi normalt ikkje gir meir enn 10.000 kroner til ordinær drift (jamfør Vilkår for gåvetildeling).
Uansett om du vil nytte forenkla eller fullstendig søknad, søkjer du via søknadsskjemaet i menyen til venstre. Du vil då få valet mellom fullstendig eller forenkla søknad etter at du har logga deg inn. (Du kan endre mellom forenkla og fullstendig søknad gjennom heile søknadsprosessen.) Søknadar sendt inn på andre måtar (post, fax, mail eller personleg oppmøte) vil ikkje bli vurdert.
NB Du får ein e-post i retur når søknaden din er registrert i vårt system – får du ikkje e-post må du prøve om att! (har du t.d. trådlaus oppkobling som “hikkar” kan det nemleg hende du får melding på skjermen om at søknaden er sendt, utan at den vert registrert hos oss.) Vi tilrår at du tek vare på denne e-posten – den er din “kvittering” for at søknaden er motteken. (NB! Dersom epost-lesaren din har streng sikkerhetsinnstilling kan det hende automatiske svar-epostar blir filtrert bort, så sjekk spam-filter/søppelpost-mappa viss du ikkje finn eposten i innboksen din)
Alle søknadene om gåver frå Sparebankstiftinga vert nøye vurdert, og det er i all hovudsak den einskilde søknaden og tiltaket det vert søkt om pengar til som er avgjerande. Vi rådfører oss gjerne med fagfolk og ressurspersonar, ser på tidlegare tildelingar og har fleire gåvenemnder som sikrar ei grundig og profesjonell sakshandsaming. Så er det styret i stiftinga som tek den endelege avgjerda på dei søknadane som vert prioritert.
Utdeling av gåvemidlane (fullstendig søknad) vert gjort kjend om lag to månader etter søknadsfristen, og utbetalingane vert gjort snarast råd etter dette.