Søk “Årets Kultur-idé 2013”

Bli med i konkurransen om 100.000 kroner!


Fjorårets vinnar, Utkantfestivalen

Sparebankstiftinga og NRK Sogn og Fjordane inviterer i år som i fjor kulturlivet i fylket til å konkurrere om den gjeve tittelen “Årets Kultur-idé”. Vi inviterer difor alle kultur-entreprenørar til å melde inn sitt prosjekt – anten det berre er ein tanke eller eit eksisterande kulturtilbod. Ikkje berre vil vinnaren få 100.000 kroner til å gjennomføre idéen, men ca 10 finalistar vil bli presentert i full breidde på NRK Sogn og Fjordane sine radiosendingar og nettsidene deira.

Som tittelen antydar, er det dei kreative konsepta vi ser etter; og sjølv om det var Utkantfestivalen som vann i fjor er det ikkje storleik eller røynsle som er avgjerande i denne konkurransen. Ein stiller like sterkt med ein ny og uprøvd idé som eit innarbeidd konsept.

Søknadsfristen for å vere med på konkurransen er i år sett til 15. april. Straks etter dette vil ein jury plukke ut finalistane, og så vil publikum bli invitert til å stemme fram sin favoritt. Publikum og juryen si meining vil bli vekta likt i den endelege kåringa av vinnar-idéen. I fjor vart vi dessutan så imponert at også to andre kandidatar fekk ei pengegåve frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane…

Sparebankstiftinga vil med denne konkurransen gi auka merksemd til den fantastiske breidda av arrangørar og kultur-entreprenørar som vi har i fylket vårt; og kanskje òg inspirere nokon til å setje i gong fleire nye og kreative konsept.

Meld deg på konkurransen ved å sende ein mail til kulturide@nrk.no med ein kort presentasjon av idéen din. Hugs å skrive «Årets kulturidé 2013» i emnefeltet.