Hugs sluttrapport for tidlegare gåver!

Vi tillet oss å minne om at det er krav om sluttrapport for alle gåvetildelingar frå Sparebankstiftinga. Dersom vi ikkje har fått sluttrapport innan fristen (eller det er innvilga forlenga rapportfrist), vert det ikkje gitt nye gåver!

Hovudregelen for gåvetildelingar frå stiftinga er at det er krav om sluttrapport innan 1 år etter at gåva vart tildelt.

Vi har sidan nyttår sendt ut varsler om at dei som fekk gåver FØR 2013 må sende sluttrapport innan 1. mars, og at dei som ikkje har rapportert ikkje vil bli vurdert for framtidige gåver. Likevel manglar vi framleis nokre sluttrapportar, og då er det fortvilande at eit manglande spørjeskjema som berre krevjer 10 minuttar kan få store konsekvensar.

Sidan litt av problemet truleg er at gåvemottakarane endrar epostadresse eller tillitsvalde, velgjer vi å legge ut denne meldinga no før søknadsfristen. Vi oppmodar òg om at de tar kontakt med administrasjonen dersom de er i tvil om rapport er sendt. Det går elles an å sjekke dette sjølv; det står i kolonna til høgre for den aktuelle søknaden når ein loggar inn på (det gamle) søknadssystemet. (er rapport sendt inn, står det “Rapport er sendt”; viss rapport manglar står det “Send rapport” på ein klikkbar link – då kan ein klikke på linken for å komme til rapportskjemaet.)

KORLEIS: For å sende inn sluttrapport for tidlegare gåver, velgjer du først “Søk om midlar” på toppmenyen og klikkar så “Rapport for tidlegare gåve” på venstremenyen (du kan òg nytte denne snarvegen). Hugs at du må logge inn med same epost/passord som når du registrerte søknaden – klikk “Gløymt passord” eller kontakt administrasjonen dersom du treng hjelp med innlogginga.

Dersom de har fått gåve til eit tiltak som ikkje er fullført etter at rapportfristen er passert men framleis er planlagt fullført, kan ein søkje om anten forlenga rapportfrist eller omdisponering av midlane. Slik søknad vert sendt administrasjonen pr mail.

Elles minner vi om at vi no har lansert nytt system for å registrere gåvesøknadane, og at det førre systemet berre skal nyttast til å sende sluttrapport – gåvesøknadar registrert her vil dermed ikkje verte handsama!

Vi ber elles om forståing for at stiftinga må føre kontroll med at gåvemidlane vert nytta til føremålet framsatt i opphaveleg søknad.