Gåvetildeling forseinka

På grunn av stor saksmengd har styret i stiftinga utsett saka om gåvetildeling i kategori «fullstendig søknad» (over 10.000 kroner) til 22. mai.

Som kjent har stiftinga lova svar på søknadane i kategori «fullstendig søknad» (om gåver over 10.000 kroner; med søknadsfrist 1. mars) i løpet av ca 8 veker. Diverre heldt ikkje tidsskjemaet denne gåverunden, og styret treng noko meir tid på å handsame søknadane.

Så veldig lange stunda blir det ikkje å vente; neste styremøte er beramma til 22. mai. Ein kan dermed vente å få svar på søknadane fredag 23. mai.

Søknadar i kategori «forenkla søknad» (inntil 10.000 kroner; med løpande søknadsfrist) vert ikkje råka av endringa, og ein kan som vanleg vente svar på desse søknadane i løpet av ca 4 veker.

PS svar på søknadar blir sendt på epost til epostadressene ein oppgav i søknaden. Saknar du svar eller lurer på kor saka står, kan du kontakte administrasjonen i stiftinga.

For ordens skuld nemner vi at utsetjinga ikkje får konsekvensar for evt. tiltak med oppstart før 22. mai: søknad skal vere innsendt før oppstart; men tiltaket kan igangsettast (eller gjennomførast) før svar på søknad ligg føre.