Søknadskurs i Loen

Det blir søknadskurs i Loen 12. mai

old-classroom

Det blir gratis kurs i søknadsskriving i Loen tysdag 12. mai. Som før går kurset ut på å gå gjennom korleis ein søknad generelt bør formulerast, uansett kvar ein har tenkt å sende søknad – samt konkret om kva vilkår vi sett til søknadar og tiltak her i Sparebankstiftinga. Kurset kan vere relevant for alle som har planar om å hente inn pengar til verksemda si, men vi har hatt lag og foreningar mest i tankane når kursinnhaldet vart utforma.

Kurset går av stabelen på Loen Bygdehus (ved Loen skule; siste avkøyring i Loen retning Olden) klokka 1800-2100 tysdag 12. mai og er gratis. Påmelding til post[at]sparebankstiftinga.no . Ingen påmeldingsfrist, men vi tek atterhald om ledig plass.

 

Ønskjer du eit søknadskurs der du bur? Kontakt oss – alt du treng er eit lokale med plass til min. 20 menneske, så stiller Sparebankstiftinga med resten. Kurset må òg vere tilgjengeleg for andre (så langt det er plass).

Hjelper søknadskurset? Når vi spurte våre kursdeltakarar om dette, svarte 54% at kurset var «veldig bra», medan 21% gav kurset toppkarakter. 51% svarte dessutan at kurset hadde ført til meir støttemidlar inn til laget/verksemda.