Støtte til næringsverksemd frå Sparebankstiftinga

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane støttar også tiltak med næringsføremål, men i slike saker har vi nokre føringar som det kan vere greit å vere klar over – les meir om desse her


Bilete: Highsoft Solution, første vinnar av vår tevling “Årets Gründer” (2012)

Ei av Sparebankstiftinga sine hovudoppgåver er som kjent å gi av overskotet frå Sparebanken Sogn og Fjordane tilbake til regionen som har skapt det. Og når delar av dette overskotet kjem frå Sparebanken Sogn og Fjordane sine næringsengasjement, er det naturleg at Sparebankstiftinga ønskjer å stille opp for at næringslivet i fylket får best moglege kår. I stiftinga sine første år var vi varsame med slike gåver, delvis fordi lovverket var noko uklart på dette feltet.

Då den nye Finansforetakslova vart innført i fjor, vart det klargjort at tiltak for å stimulere næringslivet kan vurderast som allmennyttige, og at stiftinga dermed kan gi gåver til slike føremål. Samstundes understreka lova at det ikkje er høve til å gi gåve til enkeltbedrifter eller -personar for å styrke eigen bedrift, og som verkar konkurransevridande. For at stiftinga skal kunne bidra, må tiltaka difor vere av overordna karakter, dvs. eigna til å løfte fleire bedrifter, som t.d. ei heil bransje eller ein region.

Med denne føringa har Sparebankstiftinga sitt engasjement for næringsutviklinga i fylket blitt stadig styrka over tid, gjennom å bistå nye studium (t.d. Subsea-ingeniørstudiet, IT-studiet, Bygg- og Anleggsingeniør, Climate Change Management – for å nemne nokre) og andre kompetansehevande tiltak som er sterkt ønska av regionalt næringsliv, styrke organisering og bedriftsnettverk (Sogn og Fjordane Næringsråd, div. tiltak av Sogn Næring, Visit Nordfjord, Bedriftsnettverk Gaularfjell o.a.) og utvikle testfasilitetar for næringslivet (Prototyp-lab i Førde, Fjordomics, Aquahub Hyllestad o.a.). Det er òg gitt gåver til forskingsarbeid som er interessant for regionalt næringsliv (t.d. forskingsprosjektet RELEASE, som ser på

Verd å nemne i denne samanhangen er òg vår støtte til SOMU (Sogn og Fjordane Musikkfond), som igjen fordeler midlar vidare til musikarar og -produsentar. Denne støtta er naturlegvis kulturelt grunngive, men sidan svært mange musikarar er organisert som enkeltpersonforetak, fell denne støtta inn under næringsutvikling.

Avsluttingsvis vil vi understreke at Sparebankstiftinga sitt engasjement for positiv næringsutvikling ikkje er tenkt å gå ut over vårt gåvebudsjett retta mot frivillig sektor i fylket! Frivillig sektor vil vere ei hovudsatsing for oss også i tida framover. Men stiftinga sitt gåvebudsjett har heldigvis auka betrakteleg dei siste åra (faktisk er det dobla sidan 2012), og av denne auken ser vi føre oss at ein god del kan nyttast for å bistå ei positiv næringsutvikling.

Har du spørsmål kring Sparebankstiftinga si næringssatsing, er du hjarteleg velkomen til å kontakte oss i administrasjonen.