Søke om gåvemidlar: hugs fristen 1. mars!

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane deler ut gåver av overskotet frå Sparebanken Sogn og Fjordane, og alle typar allmennyttige tiltak kan få gåvemidlar. Våre søknadsfristar for ordinære gåver er 1. mars og 1. september kvart år.

Vi ber om ei prosjektskildring og ikkje minst eit budsjett for tiltaket ein søkjer om gåve til, og har du planar om å søkje om midlar er det kanskje tid for å byrje så smått å førebu ein søknad?

Det er i hovudsak ideelle lag og foreningar i Sogn og Fjordane som nyttar seg av høvet til å søkje om midlar. I fjor delte vi ut 25 millionar kroner; opp frå 18 millionar kroner året før – og i år håper vi at vi får lov å dele ut enda litt meir gåvemidlar. Dette er det vår generalforsamling som avgjer i april.

Ordinære søknadar har 8 vekers handsamingstid; det vil seie at du får svar på søknaden i byrjinga av mai.

Elles har vi lansert nytt gåvesystem for Ordinære søknadar i år. Her blir det som tidlegare varsla krav om organisasjonsnummer for den du søkjer om midlar til. Hugs at du må registrere deg på nytt som brukar i det nye systemet.

Om du ønskjer meir info om våre vilkår eller råd og tips om korleis skrive ein god søknad, anbefalar vi sidene våre Vilkår for gåvetildeling og Søknadstips

Hugs òg at om du ikkje er klar med ein søknad innan søknadsfristen, er det alltid høve til å sende oss ein “forenkla søknad” om gåver inntil 10.000 kroner, og få svar i løpet av ein månad. Eller vente til neste ordinære søknadsfrist 1. september.

Elles er det berre å slå på tråden eller sende ein mail til oss i administrasjonen dersom du har spørsmål i samband med ein søknad, så gjer vi så godt vi kan for å hjelpe deg!