Suksessen starta i Sogn og Fjordane

For 7 år sidan kom idéen om dagsturhytter. No er det snart 200 slike hytter i heile landet til glede for fellesskapet, og som er finansiert gjennom eit spenstig samarbeid mellom det offentlege og det private.

Då Sparebank 1 SMN for kort tid sidan vedtok å løyve 11,4 millionar kroner for å fullfinansiere bygging av 38 dagsturhytter i Trøndelag, vart det lagt nok ein stein til grunnmuren rundt dagsturhyttene. Prosjektet såg dagens lys i 2016 i Sogn og Fjordane med fylkeskommunen og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som initiativtakarar. Målet for sju år sidan var ei dagsturhytte i kvar kommune i Sogn og Fjordane. Nyheita om 38 dagsturhytter i Trøndelag viser berre at dagsturhytte-suksessen vandrar sin veg gjennom heile kongeriket.

Hytter på tur

Etter at hytte-suksessen starta i Sogn og Fjordane med 26 hytter, har både Hordaland og Rogaland kasta seg på den same idéen. Det nye Agder fylke valde ein eigen utsjånad på hyttene, men elles bygd på same lest. Det gjorde også Innlandet fylke, men når Trøndelag no går for å følgje opp dagsturhytte-suksessen, så har dei valgt å gå for den opphavelege utsjånanden.

-Det er sjølvsagt ikkje avgjerande korleis hyttene ser ut. Fylkeskommunane har teke utgangspunkt i den same modellen, sjølv om hyttene ser litt forskjellige ut. Men når Trøndelag no går for same utsjånad som dei første hyttene, så betyr det ein heilskap i området frå Rogaland i sør til Trøndelag i nord. No manglar vi berre litt i Møre og Romsdal, smiler Atle Skrede i Vestland Fylkeskommune som av mange også er sett på som dagsturhyttas far i Norge.

Vart raskt suksess

Skrede er oppteken av å framheve sparebankane og sparebankstiftingane sin enormt viktige posisjon bak suksessen. Noko også direktør Hallvard Klakegg i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane understrekar:

-Ja, då ideen dukka opp i 2016 tok det ikkje lang tid før vi forstod kva suksess dette kunne bli. No etter sju år ser vi at forskjellige sparebankar og sparebankstiftingar har bidrege med fleire titals millionar for å realisere dagsturhyttene. Vel så viktig har det også vore at gåvemidler frå overskotet til sparebankane har vore utløysande til mellom anna fleire titals millionar i spelemidler. Og kanskje det viktigaste vi ser i dag er det enorme engasjementet og dugnadsinnsatsen som blir skapt rundt dagsturhyttene der dei har blitt etablerte, seier Klakegg og er svært glad for at når Trøndelag står for tur, så har snart alle i Kongeriket tilgang til ei dagsturhytte.

-Vi hadde sterk tru på prosjektet då det var lansert i 2016, men må vedgå at suksessen har blitt langt større enn kva vi trudde. Det viktigaste er at våre økonomiske bidrag har vore med på å realisere ideen. Og at det i dag snart vil vere innpå 200 dagsturhytter i heile Sør-Norge er berre kort og godt fantastisk, seier Klakegg.

Stiftinga har gitt nærmare 10 millionar kroner i gåver frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane til dagsturhytteprosjektet i Vestland fylke.

Eigarskap til hytta

Og akkurat samarbeidstanken er noko Atle Skrede understrekar som noko av forklaringa bak suksessen:

-Utan Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane sin vilje til å følgje opp ideen økonomisk, hadde dette aldri blitt ein realitet. No har dette blitt ein spenstig finansieringsmodell der det er eit tett og forpliktande samarbeid mellom det offentlege og private. Fylkeskommunen, kommunane, Sparebankstiftingane (eller bankane), Norsk Tipping og andre private midler gjer det mogleg å realisere dette. Totalt er det snakk om nærare 350 millionar kroner i investeringsmidler. Dessutan har eit samarbeid mellom fylkeskommune og kommune vore viktig med tanke på rask framdrift i anbodsprosessen, fortel Atle Skrede og held fram slik:

-Kommunane står med ansvaret for hyttene, medan det er frivillige som driftar dei. Dette konglomeratet av instansar involvert gjer at mange føler ansvar, og vi ser at bruken av hyttene har skote i veret, seier Skrede og kan fortelje at nokre hytter har mange tusen besøk i løpet av året og at dagsturhyttene har for mange blitt ein viktig møteplass i nærområdet.

 

Tekst og foto: Stig Roger Eide