Desse ni har fått Furorestipend i år

Ein hjerneforskar, ein klesdesignar, eit friidrettstalent og operasanger. Spennvidda blant årets Furorevinnarar er stort, og til saman er det delt ut 450 000 kroner til framifrå ungdom frå Sogn og Fjordane i 2023.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har heilt sidan 2010 delt ut Furorestipend til talentfulle utøvarar frå Sogn og Fjordane i kategoriane kultur, idrett og «opa klasse». Dette er eit personleg stipend til ungdom i alderen 15 til 30 år, og er for tida på 50 000 kroner. Stipendet er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

Mange kjende
Gjennom desse tretten åra har mange profilerte personar frå Sogn og Fjordane fått denne støtta på vegen mot suksess. Og ofte tidleg på karrierestigen sin. Det er nok å nemne namn som Johannes Thingnes Bø (2011), Elise Thorsnes (2011), Sigrid Heien Hansen (2014), Thea Bjelde (2020), Arne Henning Årskaug (2015), Peter Førde (2014), Erlend Apneseth (2010), Anders Fannemel (2010), Thea Hjelmeland (2011), Sigrid Heien Hansen (2014), Tarjei Bø (2009), Sivert Mannsverk (2022), Line Dybedal (2012) og Gjøran Tefre (2012). Berre for å nemne eit tilfeldig utval.

Heile lista med tidlegare Furorevinnarar finn du her:

https://www.sparebankstiftinga.no/sok-om-midlar/furorestipend/

Årets vinnarar
I 2023 er det delt ut totalt ni stipend. Her er årets Furorevinnarar, og nokre få ord om dei:

Amanda Kvammen (Sunnfjord)-songtalentet frå Sunnfjord satsar stort i ung alder, og som 16-åring er ho allereie på plass på musikklinja på Bergen Private Gymnas for å perfeksjonere seg som songar. Målet er vidare å komme inn på Griegakademiet i Bergen. Ho kom også til den nasjonale finalen i Ungdommens musikkmesterskap i 2023 saman med 22 andre talentfulle utøvarar. Ho fekk lanseringsstipend 17. mai.

Erik Hovden Flataker (Kinn)- fotballspelaren med fortid i klubbane Skavøypoll, Måløy og Sogndal slo gjennom for alvor i 2023. Sogndal-trenar Tore André Flo nytta han i mange kampar i OBOS-ligaen, og han scora eit mål då Norge endeleg var kvalifisert til eit EM-sluttspel i G19-klassa. Her kom Norge heilt til semifinalen. På tampen av året fekk han også overrekt Tullenprisen på fotballtinget. Han fekk lanseringsstipend 17. mai.

Erlend Moen Taule (Sunnfjord)- førdianaren forskar på hjernekreft, og er stort sett å finne på laboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus. I forskingsgruppa til Frits Thorsen jobbar han med å teste korleis diverse legemiddel kan påverke utviklinga av kreftceller i hjernen. Han har delteke og presentert forsking på fleire tilstellingar i Norge og utlandet. Sidan 2020 har han også undervist psykologi- og medisinstudentar i hjerneanatomi og hjernedisseksjon. Han fekk prisen i «opa klasse».

August da Silva Sveen (Årdal)- friidrettstalentet som er i ferd med å ta over arven etter mange profilerte mellomdistanseløparar frå Sogn og Fjordane. Har allereie representert Norge ved fleire høve, seinast i EM i terrengløp i desember 2023. Som Furorevinnar får han no høve til å gjennomføre fleire høgdesamlingar til vinteren.

Ylinn Tennebø (Kinn)- den fotrappe fotballspelaren frå Vågsøy har gått gradene frå lokalfotballen i Måløy og Tornado Måløy via Kaupanger, til Avaldsnes før ho dei siste sesongane har spelt på Norges beste damelag, Vålerenga. Har spelt på alle dei norske aldersbestemte landslaga, og har som mål å komme inn på A-landslaget og bli profesjonell fotballspelar i utlandet.

Helena Bjarkadottir (Bremanger)- operassongaren frå Bremanger har i mange år hatt klare mål om si musikkframtid. Ho har gått musikklinja på Firda vgs, Griegakademiet i Bergen, Toneheim folkehøgskule, teke bachelor i Stavanger og masterutdanning i Skotland. I dag er 28-åringen praktikant ved Den Kongelege Danske Opera i København, og skal synge den kjende figuren Kate Pinkerton i Madama Butterfly av Puccini med verdsstjerner til våren.

Mads Søreide (Gloppen)- den unge klesdesignaren frå Gloppen har allereie markert seg sterkt med sitt klesmerke Cohmé. Etter at han som 16-åringen flytta til Oslo, har han fått kle opp profilar som Sigrid S, Marion Ravn, Marte Stokstad og Alexandra Joner. Og i desse dagar har 20-åringen hatt fotoshoot med fire forskjellige av hans antrekk med modellen Amalie Snøløs i Nobelsuiten på Grand Hotell i Oslo.

Øystein Løken Bergum (Sunnfjord)- volleyballspelar i mange år i Førde, og spelar for tida på Oslo-klubben Koll. Er fast libero på landslaget, og 28-åringen har som mål å kvalifisere Norge til EM i 2026. Kvalifiseringskampane går sommaren 2024 og sommaren 2025. Har også hatt mange andre oppgåver, som til dømes trenar for aldersbestente lag i moderklubben Førde VBK. Er kåra til Norges beste libero (forsvarsspelar) i tre sesongar.

Kabiito Amundsen (Stad)- kom heilt til semifinalen i Norske Talenter på TV2 i 2023 med sitt eminente fingerspel på gitar. I kvartfinalen imponerte 20-åringen dommarane så mykje at han fekk «Gullknappen», som gav han direkte plass i semifinalen. Her imponerte han også fagdommarane, men fekk ikkje nok stemmer frå sjåarane til å nå heilt til finalen. Kabiito har budd både på Nordfjordeid, i Førde og Bergen, og er nok ein gitarist vi kjem til å høyre meir frå.