Unge Eldsjeler

Sist helg deltok eit 20-tals personar i alderen 18 til 30 år på den andre samlinga for «Unge eldsjeler». Desse ungdomane kan vere framtidas nav i frivilleg sektor i Sogn og Fjordane.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har saman med ViteMeir teke initativ til å gje unge eldsjeler både inspirasjon og kunnskap gjennom utviklingsprogrammet som går under namnet «Unge eldsjeler». I helga deltok ungdom frå heile Sogn og Fjordane, frå Måløy i nordvest til Øvre Årdal i søraust, på den andre samlinga i dette prosjektet. I Førde fekk dei mellom anna lære om livskraftige småsamfunn (Viksdalen), Dans utan grenser, Fjellsportfestivalen i Sogndal, VM i vektløfting, Teater i særklasse (Teater Vestland), berekraft (NFF Sogn og Fjordane) samt marknadsføring og kommunikasjon. Dessutan orientering om tilskotsordningar for det frivillege arbeidet.

Breitt spekter

På deltakarlista på det første utviklingsprogrammet til «Unge eldsjeler» finn vi deltakarar med røter i ulike grupperingar i idrettslag, blindeforbund, studentorganisasjonar, KFUK/KFUM, skyttarlag, ungdomslag, 4H-grupper, skulemusikkrørsla samt gatekunstnarar. Alle med eit sterkt ønske om å engasjere seg i det frivillige arbeid i sitt nærområde.

Under evalueringa etter den andre samlinga gav deltakarane klåre tilbakemeldingar på at samlinga var inspirerande og at innlegga som vart presenterte var relevante for den jobben desse ungdommane har planar om å gjere. I tillegg til førelesningar var det også lagt vekt på samarbeidsøvingar kor deltakarane saman skulle løyse praktiske oppgåver.

Viktig helg

-Eg trudde ikkje det var mogleg å få så mykje motivasjon etter ei langhelg. Her har vi fått masse reell kunnskap som vi kan ta med heim til våre lokalmiljø, understreka ein av deltakarane under avslutninga i Teater Vestland sine lokaler søndag.

No skal dette første kullet i «Unge eldsjeler» ha ei siste samling i utdanningsprogrammet med aktiv deltaking i «Målrock» i Øvre Årdal i juni månad. Her skal deltakarane gå inn i forskjellige oppgåver som frivillige under musikkfestivalen, og på den måten kjenne på kroppen korleis ein slik type frivilleg arbeid vil vere.

-Dei to første samlingane i «Unge eldsjeler» har fått meg til å tenke på kva frivillegheit er. Kva kan eg gjere for å hjelpe andre. På mange måtar er vi representantar for viljen til å skape noko lokalt. Det er eit privilegium vi har, fastslo ein av deltakarane under oppsummeringa av samlinga.

Andre år

Det er stiftinga i Sparebanken Sogn og Fjordane som finansierer utviklingsprogrammet, og Yngve Thorsen i sparebankstiftinga understrekar at frivilleg sektor er sjølve juvelen i lokalsamfunna våre i Sogn og Fjordane.

-Ingen er betre til å skape aktivitet, samhald, integrering, trivsel og bulyst enn dei frivillege organisasjonane. Det er eit konstant behov for å rekruttere og motivere nye eldsjeler til dette viktige arbeidet framover. Vi håpar derfor at slike samlingar skal vere med på å bidra til det, og at unge eldsjeler får ein møteplass for å bygge nettverk, dele erfaringar, få inspirasjon og bygge kompetanse, seier Thorsen.

Vi satsar på oppstart av eit nytt kull til hausten, og at vi i løpet av våren vil offentleggjere påmelding/søknad til eit nytt år med «Unge eldsjeler». Så følg med på nettsidene til Sparebankstiftinga, Vite Meir og ikkje minst nettsida: www.ungeldsjeler.no

Bilda viser noko av aktiviteten under den andre samlinga i Førde/Langeland sist helg.

Tekst og foto: Stig Roger Eide