– Vi er alltid i beredskap

Skulle uhellet vere ute, er det godt å vite at vi her i Sogn og Fjordane har om lag 30 hundar som på kort varsel kan bistå i forskjellige aksjonar. – Vi er her når vi trengst, men håpar vi ikkje blir brukt, seier Helene Sæterdal.

Som leiar for Norske Redningshundar her lokalt kunne ho torsdag kveld motta ei gåve på 200 000 kroner til arbeidet sitt med både å rekruttere nye hunde-ekvipasjar, samt vidareutdanne dagens medlemmer. Desse pengane er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

30 i regionen
– I heile Sogn og Fjordane har vi 12 godkjende hunde-ekvipasjar, fordelt på fire i Sunnfjord og åtte i Sogn. Men vi har heile 30 hundar som trenar i desse to regionane. I Nordfjord har vi derimot hatt utfordringar med å etablere eit solid miljø med redningshundar, noko som har høg prioritet hos oss, seier Sæterdal då ho saman med fire andre godkjende ekvipasjar mottok gåva på 200 000 kroner.

Lars Solnørdal, banksjef for privatmarknaden i Sparebanken Sogn og Fjordane, er imponert over arbeidet som redningshundane gjer, både lokalt og nasjonalt, og er svært glad for dei no får støtte til å rekruttere nye ekvipasjar.

– Vi veit at viss uhellet er ute, så er redningshundane noko av det viktigaste som finst. Derfor er vi svært glade for at vi har eit aktivt frivilleg miljø som gjer denne viktige jobben. Ikkje minst vil eg tru at tida framover kan vere utfordrande med tanke på redningshundane, med fare for ras og slikt, sa Solnørdal då han fekk høve til å møte fem ekvipasjar med redningshundar i Blomlia i Førde.

Allereie fem
Erfaringsmessig er talet oppdrag for redningshundane jamt fordelt over heile året, og allereie i 2024 har ekvipasjane i Sogn og Fjordane vore utkalla i fem oppdrag.

– Vi har delteke på tre skredsøk, med to i Esebotn i Balestrand og eitt i Jølster. Alle heldigvis med positivt resultat. Og no når vi går inn i påskeveka, så veit vi av erfaring at ekstra mange tek turen til fjells. Men samstundes har vi også sett at vi tidlegare har hatt fleire oppdrag i både april og mai. Då kan det vere greitt å vite at vi alltid er i beredskap, og at vi er klare til å rykke ut viss politiet ber om det, seier Sæterdal

– Denne gåva er berre heilt fantastisk, og gjev oss sjansen til å utdanne fleire ekvipasjar og ikkje minst vidareutdanne dei som allereie er godkjende. For krava til redningshundane blir stadig strammare, seier ho og prøvar å få hundane til å stille opp for fotografering.

Tekst og foto: Stig Roger Eide