– No har eg ikkje ord. Eg er heilt tom!
– Vanlegvis brukar eg å snakke i eitt, men no har eg ikkje ord. Eg er heilt tom! Dette er heilt fantastisk, seier Malene Flister Seljeseth då ho vart overraska med Furorestipend på 100 000 kroner.
22-åringen frå Florø er truleg ein av dei tøffaste idrettsutøvarane i Sogn og Fjordane. Verken meir eller mindre. I rasande fart styrer ho motorsykkelen sin sikkert og stødig gjennom dei største utfordringane, og det betyr ikkje noko for henne om køyringa er i blaut myr, sleipe svaberg eller på grusvegar.
– Nei, fart har aldri skremt meg. Faktisk elskar eg fart. Men det er viktig å understreke at eg har aldri større fart enn at eg har kontroll.
Årets første
Med pengar frå overskotet til SpareBank 1 Sogn og Fjordane deler Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane kvart år ut stipend til talentfulle ungdommar i alderen 15-30 år. I 2025 har stipendet auka til 100 000 kroner, og motorsport-utøvaren frå Florø er årets første vinnar.
– Du er berre heilt rå, Malene. Det du har gjort det siste året viser berre litt av kva som bur i deg. Det at du køyrde deg heilt opp på sigerspallen i EM-løpet i Portugal for kort tid sidan viser berre kor langt du kan komme. Og eg trur vi kjem til å høyre mykje meir frå deg i åra som kjem, sa Ole Aukland i samband med overrekkinnga.
Han er banksjef i Florø og var den som overraska Malene.
– Eg trudde banksjefen hadde med seg pengar til bana, og så er det eg som får dette stipendet. No kan eg satse 100 prosent på enduro i tida som kjem. Det er ein dyr idrett å halde på med, og det er vanskeleg å kombinere bachelorutdanninga mi i paramedisin med endurosatsing. Trenaren min, Pål Anders Ullevålseter, er veldig klar på at tida er inne for å satse no, seier 22-åringen og skottar bort på Norges mest kjende endurokøyrar gjennom historia.
– Malene har eit utruleg potensial. Men det handlar om å jobbe med dei små detaljane som ofte ikkje er så synlege. Det er berre nitidig arbeid som tel. Og det veit eg at Malene er i stand til, seier Ullevålseter og smiler.
F.v.: Trenar Pål Anders Ullevålseter, Furore-vinnar Malene Flister Seljeseth og banksjef Ole Aukland.
Ny EM-runde
– No blir det knallhard trening fram mot neste EM-runde som går i Ungarn i juli månad. Eg har drive med enduro-køyring sidan eg var lita jente, og har køyrt her på anlegget på Grovastøylen i meir enn 10 år. No bur eg i Oslo, og satsar 100 prosent på å hevde meg internasjonalt i denne uthaldsidretten. Det er utruleg mykje trening som skal til, då vi aldri veit kva løyper og baner vi skal konkurrere i. Så det er viktig å vere allsidig trent, seier Furorevinnaren før ho tek på seg hjelmen og køyrer nokre rundar på motorsykkelen sin medan dei unge og hopefulle ungdommane i motorsykkelmiljøet sperrar opp auga over farta og kontrollen til 22-åringen.
Ingen tvil om at Malene er ein verdig Furorevinnar.
Det kan totalt delast ut ti stipend på 100 000 kroner, og søknadsfristen for Furorestipendet går ut 15. juni. Søknaden sendast på Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane si nettside.
