Vil ha Sogn og Fjordane i førarsetet

Tre skular i Sogn og Fjordane er utplukka til å ta del i Høgskulen på Vestlandet sitt nye utviklingsprosjekt, FASF. – Målet er å ta ein leiande posisjon på dette området, seier Geir Kåre Resaland.

Vassenden skule, Gaupne skule og Nordfjordeid skule er plukka ut til å vere referanseskular i det nye prosjektet som Høgskulen på Vestlandet lanserer. Prosjektet går under namnet «Fysisk aktiv læring, samskaping i Sogn og Fjordane» (FASF), og har som hovudmål å fremje mangfald, trivsel, læring og helse blant skuleelevar i Sogn og Fjordane.

Verkemiddelet er først og fremst å auke både omfang og kvalitet på fysisk aktiv læring i undervisninga.

– På mange måtar er dette ei vidareføring og vidareutvikling av tidlegare prosjekt som vi hadde suksess med i Sogn og Fjordane, mellom anna ASK-studiane. Fysisk aktivitet er gunstig ikkje berre i eit helseperspektiv, men også i eit læringsperspektiv. Vi har også tru på at fysisk aktivitet er gunstig med tanke på sosialiseringsprosessar, seier Mathias Brekke Mandelid, som saman med Geir Kåre Resaland er initiativtakarar og ansvarleg for prosjektet.

Fått stor gåve

Nyleg fekk HVL overrekt tre millionar kroner i støtte til prosjektet frå Sparebanskstiftinga Sogn og Fjordane. Pengane kjem frå overskotet til SpareBank 1 Sogn og Fjordane. Yngve Thorsen i stiftinga kunne i det første møtet ved Vassenden skule fastslå at prosjektet har ei tydeleg forankring i eksisterande forsking og praksis.

– Prosjektet til HVL er innovativt og samfunnsnyttig som samsvarar godt med stiftinga sine føremål. Vi vil støtte tiltak som fremjar folkehelse, utdanning og regional utvikling, fastheldt Thorsen overfor ei gruppe av lærarar og administrasjonen ved Vassenden skule. På det første møtet var Vassenden skule representert med Anne Cecilie Kapstad, Hilde Hegrenes, Arild Øygard og Linn Nesje Bakke.

– Vi var delaktige i ASK-prosjektet, og erfarte positive ringverknadar av det. No har vi store strukturelle utfordringar rundt skulen med både arbeid på uteområdet, og flytting av ungdomstrinnet til skulen. Likevel støttar vi heilhjarta opp om å vere med på dette utviklingsprosjektet , seier rektor Anne Cecilie Kapstad.

– Til fordel for dagens og morgondagens elevar

Prosjektet går også under namnet FAL, som er ei forkorting av Fysisk Aktiv Læring. I tillegg til sjølve den praktisk, metodiske delen, skal prosjektet også utvikle og styrke nettressursen www.FALtastisk.no.

– Vi er ute etter å sikre kvalitetssikre læringsaktivitetar for alle fag og trinn gjennom www.FALtastisk.no. Dessutan håpar vi gjennom prosjektet å etablere eit nettverk for deling av erfaring, auka elevmedverknad og styrking av lærar- og rektorkompetanse, seier Geir Kåre Resaland ved HVL.

– Med å støtte dette spennande prosjektet håpar vi å gje eit viktig bidrag til førebyggande helse- og innovativ skuleutvikling. Noko som vil vere til fordel for både dagens og morgondagens elevar. Vi håpar prosjektet ikkje berre vil påverke vår eigen region, men også inspirere andre regionar, og ikkje minst internasjonalt, til å ta i bruk liknande løysingar, seier Yngve Thorsen.

Prosjektet har tre hovuddelmål:

1. Utvikle og vidareutvikle FAL-modellen CAPAbLE saman med elevar, lærarar og

rektorar ved tre skular i Sogn og Fjordane.

2. Styrke nettressursen FALtastisk.no for å sikre fleire kvalitetssikra læringsaktivitetar

for alle fag og trinn.

3. Etablere eit nettverk for FAL i Sogn og Fjordane for erfaringsdeling, auka

elevmedverknad og styrking av lærar- og rektorkompetanse.

Frå venstre: Anne Cecilie Kapstad (rektor ved Vassenden skule) , Mathias Brekke Mandelid (HVL), Geir Kåre Resaland (HVL) og Yngve Thorsen (Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane).

Frå venstre: Anne Cecilie Kapstad (rektor ved Vassenden skule) , Mathias Brekke Mandelid (HVL), Geir Kåre Resaland (HVL) og Yngve Thorsen (Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane).