Søknadskurs – Sparebankstiftinga

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane deler ut gåver av overskotet frå SpareBank 1 Sogn og Fjordane, og alle typar allmennyttige tiltak kan bli tildelt gåvemidlar.

Våre søknadsfristar for ordinære gåver er 1. mars og 1. september kvart år.

I framkant av søknadsfristen 1. september 2025 inviterer Sparebankstiftinga til digitale kurs i søknadsskriving slik:

  • Tysdag 12. august 2025, kl. 19.30-21.00
  • Torsdag 14. august 2025, kl. 19.30-21.00

 

Til desse kursa treng ein ikkje melde seg på, men ein deltek enkelt via dei digitale lenkene ovanfor.

Kurset er tilpassa lag og organisasjonar som skal søkje midlar til si verksemd, og tar for seg korleis ein søknad om midlar bør sjå ut; anten ein har tenkt å søkje gåvemidlar frå Sparebankstiftinga eller andre tilskotsordningar.

Vel møtt!