VIL HA VISNINGSSENTER TIL 100-ÅRSDAGEN
-Dette er ein gledas dag. No må flagget til topps, smiler Solveig Berg Lofnes. Fredag kunne Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sparebankstiftelsen-DNB til saman gje 40 millionar kroner til eit visningssenter ved Astruptunet.
-Dette er ein stor dag. Vi står skulder ved skulder med DNB-stiftelsen i satsinga på at det skal byggjast eit visningssenter ved Astruptunet. Sparebankstiftelsen DNB har teke eit stort økonomisk løft dei siste åra med å renovere hagen i Astruptunet, Det neste steget er å få på plass eit visningssenter som kan ta Astrup vidare, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt, sa direktør Hallvard Klakegg i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
40 millionar
Anders Bjørnsen i Sparebankstiftelsen DNB og Hallvard Klakegg i den lokale bankstiftinga framheva Sunnfjord kommune sitt initiativ med å etablere eit visningssenter, som etter planen kan stå ferdig til sommaren 2028. 100 år etter Nikolai Astrup sin død.
-Dette er ein stor dag for oss som elskar Nikolai Astrup. Vi har jobba med dette i 20 år, og no ser vi at dette kan bli realisert. Sunnfjord kommune har teke opp hansken frå Jølster kommune, og det er allereie fatta politisk vedtak på kva arkitektar som skal nyttast til visningssenteret. Og desse har visstnok allereie vore på plassen for å starte detaljprosjektering. Så dette er ekstremt spennande, seier Bjørnsen i samband med offentleggjeringa av gåva frå dei to sparebankstiftingane.
Stort speliselag
Frå politisk hald i Sunnfjord kommune, kunne varaordførar Helge Robert Midtbø rose spleiselags-tanken bak prosjektet om nytt visningssenteret.
-Dette er eit stort spleiselag med private og offentlege aktørar. Med desse 40 millionane, har vi komme godt på veg. No handlar det om å få politisk forståing hos Vestland fylkeskommune og Kulturdepartementet. Med desse private gåvene på plass kan det jo hende at dei føler eit visst press på å få dette realisert, sa Midtbø på pressemøtet i Astruptunet.
Frå fleire hald vart det understreka at eit visningssenter er eit naturleg steg i å gjere Astrup og kunsten hans meir tilgjengeleg.
-I dei siste åra har vi sett at Nikolai Astrup sin kunst har komme ut i verda. No vil vi at verda skal komme hit for å få meir kunnskap om denne unike målaren, presiserte Jacob Nødset , som er leiar i hovudutvalet for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune.
Viktig for regionen
Momentet om at fleire skal få kjennskap til Nikolai Astrup, understreka også direktør for bedriftsmarknaden i SpareBank 1 Sogn og Fjordane, Roy Stian Farsund.
-Eit visningssenter for Nikolai Astrup er svært viktig med tanke på destinasjonsutviklinga i Sunnfjord. Sogn og Nordfjord har allereie fleire motorar innan reiselivet, og eit Astrup-senter vil bli svært viktig for Sunnfjord og regionen her. Oslo har Munch-museet, og på Vestlandet treng vi eit sterkt Astupsenter, seier Roy Stian Farsund.
Prosjektet til Sunnfjord kommune har ein totalkostnad på litt over 130 millionar kroner.
Totalt kom det inn heile 162 forslag til kommunen sin plan- og designkonkurranse i 2024, og det er fatta politisk vedtak på at prosjektet «På vandring» av Erik Langdalen arkitektkontor skal vidareførast. Planen er at det nye visningssenteret skal supplere den 100 år gamle kunstnarheimen med nødvendige funksjonar inn i framtida. Fleire vil kunne besøke senteret då det har universell tilkomst, og ikkje minst vil det opne opp for moderne fasilitetar for utstillingar av Astrup sin kunst.
Tilgjengeleg
Samstundes vil det nye bygget regulere tilkomsten til sjølve Astruptunet. Noko som er noko av det viktigaste føremålet med visningssenteret, då det eksisterande Astruptunet ikkje toler dei store folkemengdene.
I 2024 var det totalt 7000 personar som vitja Astruptunet, og det blir med nytt visningssenter estimert eit besøkstal på mellom 20 000 og 30 000.
Med 40 millionar frå dei to bankstiftingane vil dei resterande summane vere fordelte slik: Kulturdepartementet (32 millionar), Vestland fylkeskommune (18 millionar) og 18 millionar frå Sunnfjord kommune. Det resterande beløpet, 23 millionar, på den totale kostnadskalkylen til 131 millioner, er frådragsført meirverdiavgift.
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane forvaltar overskotet til SpareBank 1 Sogn og Fjordane. Kvart år deler stiftinga ut gåvemidler til allmennyttige føremål i Sogn og Fjordane.
– Nikolai Astrup er kunstverk i internasjonal målestokk. Det er viktig å ivareta arven både regionalt og nasjonalt. Vi må sikre denne typen tiltak i regionen og eit visingssenter vil gjere det meir attraktivt, seier Halvard Klakegg i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Desse var på plass i Astruptunet fredag ettermiddag: Frå venstre: Terje Heggheim, Mayra Elena Henriquez, Lillian Loen, Anita Nordheim, Per Morten Ekerhovd, Anders Bjørnsen, Roy Stian Farsund, Hallvard Klakegg, Jacob Nødseth, Solveig Berg Lofnes, Tor Martin Leknes og Helge Robert Midtbø.

Anders Bjørnsen og Hallvard Klakegg
Tekst og foto: Stig Roger Eide