Vil hjelpe unge menneske inn på riktig spor
Det seier Ola Teigen, leiar for Origod, som nyleg kunne ta imot ei gåve på to millionar kroner.
– Arbeidet vårt for å hindre utanforskap står ofte og fell på finansiering. No har både Kinn kommune og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane sett verdien av jobben vi gjer og støttar oss økonomisk. No kan vi straks begynne å sjå etter folk som kan jobbe med dette viktige arbeidet, seier Ola Teigen.
Forhindre utanforskap
Trioen Ole Aukland og Roger Bareksten frå SpareBank 1 Sogn og Fjordane, samt Lillian Loen frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, dukka sist fredag opp med ein stor gåvesjekk i lokala på Klubbeneset i Florø.
Gåva er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til SpareBank 1 Sogn og Fjordane.
– Vi heiar veldig på den jobben som Origod gjer på dette området. Med to millionar kroner får Origod ein god startkapital til å jobbe vidare med å forhindre utanforskap blant yngre. Gjennom Fram-prosjektet vil hovudfokus vere å skaffe arbeid og læreplassar for aldersgruppa 15 til 30 år, seier banksjef Ole Aukland vert støtta av Lillian Loen.
– Vi har registrert den alternative tilnærminga som Origod har til dette samfunnsproblemet. Her blir det bygd stein på stein, og vi ser tydeleg at Origod har både kompetanse og hjarte på rette plassen. Dette er noko Origod har gjort i mange år, og noko ikkje minst vi ser ved arbeidet som allereie er påbegynt ved Havglytt, fortalde Loen og kunne ikkje få fullrost jobben som til dømes Leni Notø hos Origod gjer.

Frå venstre: Lillian Loen (Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane), Ole Aukland (SpareBank 1 Sogn og Fjordane), Ola Teigen (Origod), Leni Notø (Origod) og Roger Bareksten (SpareBank 1 Sogn og Fjordane).
– Du skulle ha vore klona
Leni Notø på si side fortalde nokre av dei sterke historiene som ho har opplevd gjennom jobben sin ved Origod. For det handlar om at mange unge har store problem med å takle kvardagen, og gjerne held seg inne på gute- eller jenterommet. Utan impulsar frå omverda rundt dei.
– Det er mange som snur døgnet, dei har ikkje rutinar, dei har ikkje skikkeleg kosthald eller fysisk aktivitet. Alt er ein negativ spiral, fortalde Notø og viste til at sjølv om fellesnemnaren var utanforskap, så var ingen av problema deira like.
– Vi må sjå kvart enkelt individ, og det er ikkje mogleg å plassere dei i ein bås. Dei berre fell utanfor samfunnet, og då må vi sakte, men sikkert hente dei inn igjen. På deira eigne premissar sjølvsagt. Og den største takksemd du kan oppleve i dette arbeidet er når desse ungdommane plutseleg oppdagar at dei kan meistre noko. Det er heilt grunnleggande og fantastisk å oppleve, sa Notø medan tårene trilla på kinnet hennar.
– Du skulle ha vore klona, konkluderte Lillian Loen tydeleg rørt over å høyre dei sterke historiene til Leni Notø.
Tekst og foto: Stig Roger Eide