Får gladmelding: – Her er så mykje historie i dette gamle huset!
Det meir enn 100 år gamle Røde Kors-bygget i Gate 2 i Måløy har sett sine beste dagar, og treng absolutt oppussing. No har styret teke initiativ til å gå i gang, og alternativet om å rive huset har dei slått frå seg.
– Nei, det blir ikkje aktuelt. Her er så mykje historie i dette gamle huset. Vi har fått overslag på kva det vil koste å renovere det utvendig, og med 750 000 kroner frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er vi klare for å gå i gang. Spesielt må vi få skifta kledninga på huset, seier styreleiar i Vågsøy Røde Kors Rhina Kvalheim då bankduoen Ole Aukland og Sissel Wik dukkar opp med gåvesjekken.
Over 100 år gammalt
Denne gåva er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til SpareBank 1 Sogn og Fjordane.
– Vi har kjennskap til det viktige arbeid som Vågsøy Røde Kors gjer, og kjenner historia til bygget. Dette er absolutt noko vi har lyst til å vere med på å redde for framtidige Røde Kors-generasjonar, seier banksjef i SpareBank 1 Sogn og Fjordane, Ole Aukland.
Ifølge gamle dokument var tomta til Røde Kors-bygget utskilt i 1914, og var lenge også postmannsbustad i Måløy. I 1978 overtok Vågsøy Røde Kors huset, og har brukt lokala sidan den gang.
– Vi brukar huset aktivt, både hjelpekorpset og omsorgsgruppa. Dessutan har vi ein utleigedel som blir nytta til gravferder, bryllaup, konfirmasjon og slikt. Og det er ikkje til å leggje skjul på at vi gjerne vil modernisere huset og gjere det meir attraktivt. Noko som også vil gjere rekrutteringa av nye medlemmer lettare, seier Rhina Kvalheim som for tida er styreleiar i Vågsøy Røde Kors.

F.v.: Ole Aukland, Elin Rønhovde, Rhina Kvalheim, Kåre Bakke og Sissel Wik.
Går straks i gong
– Vi har ein kjempejobb føre oss, men har allereie kalla inn til eit medlemsmøte 13. oktober kor vi vil diskutere vidare framdrift på restaureringa. Det er starta ein innsamlingsaksjon på Spleis, og vi håpar sjølvsagt at næringslivet lokalt vil støtte opp om dette viktige arbeidet framover. No må vi for det første få fullstendig oversikt på kva vi skal gjere, før vi går ut i marknaden. Men fy søren, for ein utruleg kjekk start dette var, seier Kvalheim og vert støtta av nestleiar Elin Rønhovde.
– Dette er nesten for godt til å vere sant. Kanskje vi også kan få gjort noko inne i bygget? Det er heilt fantastisk å få så mykje i støtte, seier ho og smiler.
Av: