Velkommen på søknadskurs!

Har laget eller organisasjonen din noko spennande på gong og vil søke pengar frå oss? Vi vil gjerne bidra til å gjere søknaden best mogleg.

Nytt år og nye gåvemoglegheiter! Og tid for lag og organisasjonar til å søke om pengar frå oss. Dei siste åra har vi reist rundt i Sogn og Fjordane for å halde søknadskurs i forkant av dei to ordinære søknadsfristane våre, 1. mars og 1. september. Det skal vi sjølvsagt også i år.

Yngve Thorsen, som er leiar gåve og samfunnskontakt, reiser i år til tre plassar vi ikkje har hatt kurs tidlegare, nemleg Bremanger, Gulen og Solund. I tillegg vert det kurs også i Stryn og Førde.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane deler ut gåver frå overskotet til SpareBank 1 Sogn og Fjordane, og alle typar allmennyttige tiltak kan bli tildelt gåvemidlar.

Kurset er tilpassa lag og organisasjonar som skal søke midlar, og tar for seg korleis ein søknad om midlar bør sjå ut; enten ein har tenkt å søke gåvemidlar frå Sparebankstiftinga eller andre tilskotsordningar.

I tillegg vert det høve til å møte stiftinga sin administrasjon på dagtid kursdagen/-staden, om du ønsker råd og innspel knytt til gåvesøknader. Nedanfor finn du informasjon om kursa og korleis du avtalar møtetid.

Her vert kursa arrangert:

Onsdag 21. januar 2026 – Bremanger
SpareBank 1 Sogn og Fjordane sine lokale på Hauge
Kl. 18.00-20.00

Tysdag 27. januar 2026 – Solund
Solund Leiligheitshotell
Kl 18.00-20.00

Onsdag 28. januar 2026 – Gulen
Vidsyn i Sløvåg
Kl. 18.00-20.00

Tysdag 3. februar 2026 – Stryn
SpareBank 1 Sogn og Fjordane sine lokale i Stryn
Kl. 18.00-20.00

Tysdag 10. februar 2026 – Førde
SpareBank 1 Sogn og Fjordane sine lokale i Førde
Kl. 18.00-20.00

Vel møtt!

Har du spørsmål eller vil møte oss? Ta kontakt med Yngve Thorsen:

Telefon: 908 02 575

E-post: yngve.thorsen@sparebankstiftinga.no

Yngve Thorsen

Yngve Thorsen

Leiar gåve og samfunnskontakt