Val av representantar til Generalforsamlinga

Er du innskotskunde i SpareBank 1 Sogn og Fjordane? Då kan du komme med forslag til kandidatar til kven som skal sitte i Generalforsamlinga til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Generalforsamlinga er Sparebankstiftinga sitt øvste organ, og skal passe på at stiftinga blir driven i samsvar med vedtektene, lovar og reglar.

Generalforsamlinga vel mellom anna styret og godkjenner stiftinga sitt rekneskap. Generalforsamlinga set også rammer for gåvetildelingane.

Sjølve valet er 10.-11. mars 2026, og fristen for å nominere kandidatar er 6. februar 2026.

Les meir om Generalforsamlinga her. Vedtektene til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, finn du her.

Kven kan foreslå kandidatar?

Innskotskundar i SpareBank 1 Sogn og Fjordane med stemmerett kan foreslå kandidatar.

Når du melder inn kandidat må du ha med følgande informasjon om kandidaten:

  • Namn
  • Fødselsdato
  • Yrke
  • Fullstendig adresse

Forslaget sender du seinast 6. februar til post@sparebankstiftinga.no.

Kven har stemmerett?

Dei innskotskundane som har og i dei siste seks månadane har hatt eit innskot på minst 500 kroner i SpareBank 1 Sogn og Fjordane.

Kvar kunde gir ei stemme når ikkje anna følger av lova eller vedtektene. Den vil bruke ein juridisk person sin stemmerett, må legge fram fullmakt frå innskytaren på den måten valnemnda bestemmer. Berre myndige personar kan stemme ved valet.

Kven kan veljast?

Innskotskundar i SpareBank 1 Sogn og Fjordane med bustadadresse i Sogn og Fjordane og Hornindal kan veljast.

For å kunne veljast som medlem eller varamedlem må kandidaten i løpet av dei seks siste månadane hatt eit innskot i SpareBank 1 Sogn og Fjordane på minst 500 kroner.

Følgande er på val:

Laila Johannesen, Leirvik

Geir Støfring, Jølster

Monika Refvik, Måløy

I tillegg er 1. vara på val; John Gerick Bårøy, Hyllestad

Slik blir valet gjennomført:

Valet blir gjennomført 10.-11. mars. Valet skjer elektronisk, og alle med stemmerett vil få e-post.

Informasjon om valet og valnemnda sitt framlegg til kandidatar blir annonsert på nettsida og sosiale media.