Jan Helge Lekva i Hyllestad IL rosar ordninga «Straumsmarte idrettsanlegg». – For eit lite lag som Hyllestad vil dette vere betydeleg, seier Lekva som her står saman med Henrik Hundershagen, berekraftsansvarleg i SpareBank 1 Sogn og Fjordane.
Suksessen vert vidareført: – Ei kjærkomen ordning for oss!
«Straumsmarte idrettsanlegg» er ein stor suksess. No får Vestland Idrettskrets fem millionar kroner til å halde fram ordninga.
– Dette er ei kjærkomen ordning for oss! Den legg til rette for at vi klarer å finansiere rehabiliteringa av det gamle og slitne lysanlegget på fotballbana vår.
Det seier Jan Helge Lekva, leiar i Hyllestad IL. Han er ein av eldsjelene som onsdag kveld var med på markeringa i Skei Storhall for alle som fekk støtte frå ordninga «Straumsmarte idrettsanlegg» i 2025.
Gir klubbar lågare rekningar
«Straumsmarte idrettsanlegg» såg dagens lys i 2024 då Vestland Idrettskrets fekk fem millionar kroner frå overskotet til SpareBank 1 Sogn og Fjordane, gjennom Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
Ordninga går ut på at klubbar i Sogn og Fjordane kan søke direkte til idrettskretsen om pengar til straumsparande tiltak, som igjen vil gi klubbane lågare straumrekningar. På Hyllestad stadion håpar dei å få det nye lysanlegget på plass til hausten.
– Det kjem til å redusere effektbruken med 1/3 av det som er i dag. Mellom anna kan vi dimme ned lysa når vi ikkje treng full lysstyrke. For eit lite lag som Hyllestad vil det vere betydeleg, seier Lekva.
Ordninga vert forlenga
Sidan oppstarten har 21 anlegg fått støtte gjennom ordninga, der 13 av dei fekk i fjor. På markeringa av fjorårets mottakarar overrekte Henrik Hundershagen, berekraftsansvarleg i SpareBank 1 Sogn og Fjordane, det synlege beviset til eldsjelene.
Desse deltok på markeringa onsdag kveld.
Også styreleiar Nils R. Sandal i Vestland Idrettskrets fekk overlevert ein sjekk – frå Yngve Thorsen i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. På denne stod det «5 000 000», som betyr at idrettskretsen er tildelt nye fem millionar kroner.
Dette vil seie at «Straumsmarte idrettsanlegg» vert vidareført.
– Fantastisk! Dette er ei svært viktig ordning for idrettslaga i Sogn og Fjordane. Midlane skal bidra til at endå fleire idrettslag kan gjennomføre energi- og miljøtiltak som reduserer driftskostnader og gjer anlegga meir robuste for framtida, seier Sandal.
– Handlar om å støtte dugnadskulturen
Thorsen kunne fortelje dei frammøtte at Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har hatt eit godt samarbeid med Vestland Idrettskrets desse to åra, og ser fram til at det vert forlenga.
– «Straumsmarte idrettsanlegg» gjer det mogleg for frivilligheita å bruke meir av ressursane på barn og unge, og mindre på straumrekningar. Dette handlar om å støtte den lokale dugnadskulturen, skape levande lokalsamfunn og ta vare på miljøet, seier Thorsen.
Suksessordninga vert vidareført. Frå venstre: Yngve Thorsen (leiar gåve og samfunnskontakt, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane), Henrik Hundershagen (berekraftsansvarleg, SpareBank 1 Sogn og Fjordane), Nils R. Sandal (styreleiar, Vestland Idrettskrets) og Ronny Lockert (Seniorrådgjevar anlegg, Vestland Idrettskrets).
Her er alle som har fått pengar til no frå «Straumsmarte idrettsanlegg» (dei åtte øvste fekk i 2024 – resten i 2025):
- Gaular IL – kr. 237 469,- (Sande Stadion)
- Harpefossen skisenter – kr. 106 250 (Alpinanlegg)
- Hyen IL – kr. 145 828,- (Storskjegga, langrennsanlegg)
- Selje IL – kr. 154 900,- (Kunstgrasbane)
- Stryn Vinterski – kr. 182 813,- (Alpinanlegg)
- Sunnfjord kommune – kr. 137 494,- (Hafstadparken)
- Ålfoten IL – kr. 228 707,- (Karlsskaret, langrennsanlegg)
- Sandane Turn og IL – kr. 171 250,- (Sandane idrettspark)
- Allmenning skyttarlag – kr. 8 200,- (Allmenningfjellet skytebane)
- Bremanger IL – kr. 146 000,- (Bjørsvika kunstgrasbane)
- Harpefossen skisenter – kr. 326 269,- (Alpinanlegget på Harpefossen)
- Haugen IL – kr. 162 208,- (Klubbhus på Klenkarberget)
- Hyllestad IL – kr. 164 000,- (Hyllestad stadion)
- IL Syril – kr. 150 000,- (Leikanger idrettspark, kunsgrasbane)
- Kinn kommune – kr. 500 000,- (Nordfjordhallen)
- Sogndal kommune – kr. 538 300,- (Sogndal idrettshall, symjeanlegg)
- Stryn kommune – kr. 409 000,- (Stryn kulturhus, symjeanlegg)
- Sunnfjord kommune – kr. 62 500,- (Årdal lysløype)
- Sogndal IL – kr. 729 743,- (Sogndal skisenter Hodlekve)
- Kinn kommune – kr. 199 639,- (Florø stadion)
- Årdal kommune – kr. 166 666,- (Årdalshallen)




