Er du kunde med innskot på over 500 kr i SpareBank 1 Sogn og Fjordane? Då kan du velgje kandidatar til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane si generalforsamling, som mellom anna velgjer styret og godkjenner stiftinga sitt rekneskap. Generalforsamlinga set òg rammer for gåvetildelingane.
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er hovudeigar av SpareBank 1 Sogn og Fjordane, og har som sine føremål å vere ein langsiktig eigar av banken og dele ut gåvemidlar til samfunnsnyttige tiltak. Stiftinga si generalforsamling vert valt av kundar med adresse i Sogn og Fjordane og Hornindal. Valet skjer elektronisk, og alle med røysterett vil få røystesetel på e-post 10 mars med to dagars svarfrist.
Dei tre kandidatane med flest stemmer i valet vil få fast plass, og den fjerde får ein varaplass.
Valet går av stabelen 10- 12 mars. For å stemme i valet må du vere myndig og ha hatt eit innskot i SpareBank 1 Sogn og Fjordane på minst 500 kroner i dei siste 6 månadane før valet. I tillegg må du altså ha bustadadresse i Sogn og Fjordane.
Valnemnda sitt framlegg
Valnemnda er no ferdig med sitt arbeid, og har lagt fram følgjande framlegg til kandidatar:
Kandidatar til Generalforsamlinga
Innstilt som fast medlem;
1) Nils Magne Slinde
Adresse; 6863 Leikanger
Fødselsår; 1963
Yrke; Avdelingsdirektør i Statens vegvesen.
Utdanning; sivilingeniør frå NTH.
Organisasjonserfaring frå mellom anna som leiar, styremedlem og trenar i Idrettslaget Syril, inkluderingsfond, ungdomslag og grendelag.
2) Gro Gjerdevik
Adresse; 6774 Nordfjordeid
Fødselsår; 1975
Yrke;Eiendomssjef i Alti Forvaltning AS
Utdanning; Norges Hotellhøgskule
Organiasjonserfaring frå mellom anna styremedlem i Stad vekst og Eid handel, Klubbrådgjevar i Ørn 4H.
3) Martine Fosse Sveian
Adresse; 6729 Kalvåg
Fødselsår; 1994
Yrke;Hotellsjef ved Knutholmen AS
Utdanning; Kokk.
Organiasjonsefaring frå Kalvåg Bygdelag og Barnas Turlag Keipen
Innstilt som varamedlem;
4) Marte Krogstadmo
Adresse; 6856 Sogndal
Fødselsår; 1984
Yrke; Rådgjevar folkehelse i Luster kommune.
Utdanning: Bachelor i friluftsliv.
Organiasjonserfaring frå samarbeidsutval, Kjørnes Barnehage
Øvrige valbare kandidatar;
5) Kristin Rivedal Yndestad
Adresse; 6982 Holmedal
Fødselsår; 1987
Yrke; Folkehelsekoordinator Fjaler kommune.
Utdanning: Bachelor i folkehelsearbeid og master i samfunnsarbeid.
Organisasjonserfaring som styremedlem i Holmedal Ungdomslag, medlem Barnas Turlag Askvoll
6) Kristian Bøe
Adresse; 6783 Stryn
Fødselsår; 1985
Yrke;Ambulansefagarbeider
Utdannning; sjukepleiar.
Organiasjonserfaring frå Stryn Røde Kors, Hjelpekorpset.
7) Benedicte Moritsgård Refvik
Adresse; 6823 Sandane
Fødselsår; 1989
Yrke; Økonomisjef i Gloppen kommune.
Utdanning: Master i Økonomi og administrasjon frå NHH, Master i Management Science.
Organisasjonserfaring som styreleiar i Sandane utviklingslag og Høgenausen vel.
8) Adrian Hoff
Adresse; 6718 Deknepollen
Fødselsår; 1988
Lærar ved Vågsøy Ungdomsskule.
Utdanning: lærarutdanning, Høgskulen i Volda
Organisasjonserfaring som leiar for musikk-klub og styremedlem i idrettslag og velforeining
Her kan du lese meir om Generalforsamlinga sine oppgåver.
Godt val!
Søk Furorestipend!
Er du 15-30 år og har eit spesielt talent? Då kan du søkje Sparebankstiftinga om personleg FURORE-stipend i kategoriane Kultur, Idrett og Open klasse fram til 15. juni.
Vil løfte arbeidet med lokale stiar
Eit førtitals deltakarar frå heile Sogn og Fjordane deltok på seminaret til DNT Sogn og Fjordane angåande utbetringar av turstiane. -Ingen tvil om at det er eit viktig arbeid å gripe fatt i, seier Yngve Thorsen.
Thorsen er gåve og samfunnskontakt i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og i samband med at stiftinga i fjor gav 20 millionar kroner i rammegåve til DNT Sogn og Fjordane, er ønsket at kvalitetane på mange av stiane skal bli betre. Og DNT Sogn og Fjordane har verkeleg teke på seg arbeidshanskane på kort tid. I tillegg til å løyve pengar til aktuelle turstiar som skal renoverast, er fokuset på å heve kompetansen på stiarbeidet som blir utført i tida. Både i form av seminar og ikkje minst praktiske stikurs i tida som kjem.
Mindre sherpaer
Eller som Rune Holen i Statens Naturoppsyn understreka på seminaret etter at han har drive med «Stiskulen» i fleire år:
-Vi har verdas flottaste natur i Norge, og det er forståeleg at folk frå heile verda vil hit for å oppleve dette. Dessutan har vi utfordringar med tanke på klimaendringar, samt nye brukargrupper, som til dømes syklar på stiane våre. Dette er noko av bakteppet vi må ha når det gjeld stiarbeidet framover, sa Holen og understreka at det var viktig av å lære av feila som er gjort gjennom historia.
-Vi har no komme til eit punkt der vi ser at steinstier skal avgrensast, og vi må ikkje minst ha fokus på drenerings-problematikken. Og som ein gylden regel handlar det om å lage rett sti på rett plass. Plutseleg kan vi sjå at sosiale medier og influensarar sin påverknad kan gjere at enkelte stiar vert øydelagde. Ikkje minst fordi vi har ein sårbar natur, sa Holen og viste til plassar i Lofoten og i Loen-området, med klar adresse til både Raksetra og Breng.
Praktisk kurs
-Vi kjem til å ha eit praktisk stikurs tidleg i juni, og håpar mange interesserte dukkar opp der også. Vi lærer best ute i naturen, understreka Holen på seminaret som også hadde innleiarar som tok opp utfordringar overfor til dømes grunneigarar, spelemiddelutfordringar og konkret merking av stiar. Dessutan kunne representantar frå stiprosjekta på Nordre Heia i Sunnfjord, Balestrand i Sogndal samt Segestad i Stryn orientere om sine stiprosjekt.
-Det er utruleg flott at dette temaet endeleg er på dagsorden. Aldri får har så mange søkt ut i naturen, og det er naturleg at det kan bli slitasje. Då er det fantastisk å oppleve at vi på denne måten kan heve kompetansen på å forbetre stiarbeidet. Ikkje minst når både kommunar og turlag med interesserte stibyggjarar stiller opp. For her snakkar vi heilt klart om ein vinn/vinn-situasjon, seier Yngve Thorsen i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Stiftinga forvaltar overskotet i SpareBank 1 Sogn og Fjordane og deler kvart år ut midler til allmennyttige føremål i Sogn og Fjordane.
-Og det er iallfall ingen tvil om at gåva til DNT Sogn og Fjordane når flesteparten av innbyggjarane i Sogn og Fjordane, understreka Yngve Thorsenog vert støtta av prosjektleiaren Gry Thyrrestrup.
-No håpar vi berre at mange av dei lokale turlaga finn gode stiprosjekt som dei vil utvikle, seier ho.
Oversikta
Oversikt over innleiarar og tema på seminaret til DNT Sogn og Fjordane:
Rune Holen, Statens Naturoppsyn: Planlegging av stiprosjekt
Torgeir Nergaard Berg, DNT: Verktøy for stiutvikling, og publisering
Jørgen Hundset, Vener av Balestrandfjella: Stiutvikling lokalt
Merete Støfring, Vestland Bondelag: Grunneigar-tilhøve
Ingebjørg Erikstad, Indre Sunnfjord Turlag: Stiprosjektet på Nordheia
Atle Skrede, Vestland fylkeskommune: Spelemidler og prosjektmidler
Olav Auflem, Indre Nordfjord Turlag: Stiprosjektet Glomes-Segestad.
Tekst og foto: Stig Roger Eide.
Lillian er ny i Sparebankstiftinga
Lillian Loen er tilsett som leiar for prosjekt i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og blir ein initiativtakar og relasjonsbyggar mellom organisasjonar i Sogn og Fjordane.
– Eg brenn for at vi som region skal lukkast, og meiner vi må jobbe for å førebygge utanforskap skal vi klare å skape gode, berekraftige lokalsamfunn. Målet er å gjere Sogn og Fjordane til ein betre plass å bu og leve, seier Lillian Loen.
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har eit mål om å ta ei aktiv rolle i samfunnsutviklinga, og har tilsett Lillian Loen til å fylle ei ny rolle som leiar for dette arbeidet. I praksis betyr det i vid forstand at hennar viktigaste oppgåve blir å vere ein initiativtakar og relasjonsbyggar mellom organisasjonar i Sogn og Fjordane.
Brenn for Sogn og Fjordane
– Målet er at det skal bli betre å bu og leve i Sogn og Fjordane. Dette er eit svært viktig samfunnsoppdrag som sparebankstiftinga set ord på, og eg ser mellom anna at det å hindre utanforskap blir viktig. Samfunnet endrar seg heile tida, og vi må utvikle organisasjonar og setje i verk handlingar som tek i seg desse endringane. På den måten blir det mi oppgåve å ta initiativ og bygge relasjonar i ordets vidaste forstand, smiler Lillian Loen som i mange år har jobba i SpareBank 1 Sogn og Fjordane som Fagsjef på HR der ho mellom anna har vore rekrutteringsansvarleg.
I den nye stillinga vil Loen få ansvar for å følge opp samfunnsnyttige tiltak som stiftinga initierer. Ho vil vere både ein pådrivar og støttespelar for den frivillige sektoren i Sogn og Fjordane. Noko som også vil bety tett samarbeid med lag/organisasjonar, kommunar og utdannings-institusjonar.
Sparebankstiftinga forvaltar overskotet til Sparebank 1 Sogn og Fjordane som blir gitt tilbake til allmennyttige tiltak i form av gåvemidlar. Lillian kjenner banken godt etter sju år i organisasjonen.
– Eg veit kva arbeid som ligg bak overskotet som banken leverer, så eg kjenner meg priviligert som får vere med å la overskotet lage nye ringverknadar i regionen vår.
Nettverksbyggar
– Eg brenn for det frivillige engasjementet i heilskap, seier Loen som sjølv har fleire frivillige verv på fritida. Det er meiningsfullt og energigjevande å bidra til det store fellesskapet, seier ho.
Dette er haldningar ho også vil ta med seg inn i nyejobben i Sparebankstiftinga. Det er viktig å bygge relasjonar og lage nettverk, seier Lillian Loen som på mange måtar skal spinne eit edderkopp-nett rundt viktige samfunnsutfordringar i Sogn og Fjordane.
Sparebankstiftinga har allereie etablert eit godt nettverk og har kapital, og Loen vil vere tett på gåveområdet.
– Det blir viktig at kvar krone som går tilbake til organisasjonane, skal gi mangfald, trivsel og utvikling i lokalsamfunna våre. Desse verdiane har eg ønske om skal styrkast, og at folk skal kjenne at dette er verdiar det er viktig å hegne om, seier Lillian Loen som startar formelt i jobben 1. juni.
Mange som søkte
– Det var 40 søkarar til stillinga som leiar prosjekt og det var mange godt kvalifiserte kandidatar, seier Hallvard Klakegg, direktør i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
– Lillian peika seg ut som den beste kandidaten. Ho er sterk på relasjons- og nettverksbygging, har høg arbeidskapasitet og god gjennomføringsevne. I tillegg har Lillian eit sterkt samfunnsengasjement og ho er genuint opptatt av fellesskapet. Vi er svært glade for at Lillian takka ja til jobben, for ho har alt som skal til for å lukkast i denne rolla, seier Klakegg nøgd.
Verdiar
– Vi skal fremme inkludering, kultur, idrett, utdanning og sosialt fellesskap. Her i Sogn og Fjordane har vi eit rikt og variert næringsliv samt mangfaldig kulturliv og gode utdanningstilbod. Dette er dei viktigaste grunnane til at vi har trygge og gode lokalsamfunn. Dette er verdiar som har stor betydning for dei fleste av oss, og som vi må bygge vidare på, avsluttar Loen.
Nyvalde representantar i stiftinga si generalforsamling
Som tidlegare annonsert vart det halde val til Sparebankstiftinga si Generalforsamling 10.-12. mars i år. Her ser du kven som vart valt.
Rydd boss og få pengar til laget ditt
Val til stiftinga si Generalforsamling
Er du kunde med innskot på over 500 kr i SpareBank 1 Sogn og Fjordane? Då kan du velgje kandidatar til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane si generalforsamling, som mellom anna velgjer styret og godkjenner stiftinga sitt rekneskap. Generalforsamlinga set òg rammer for gåvetildelingane.
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er hovudeigar av SpareBank 1 Sogn og Fjordane, og har som sine føremål å vere ein langsiktig eigar av banken og dele ut gåvemidlar til samfunnsnyttige tiltak. Stiftinga si generalforsamling vert valt av kundar med adresse i Sogn og Fjordane og Hornindal. Valet skjer elektronisk, og alle med røysterett vil få røystesetel på e-post 10 mars med to dagars svarfrist.
Dei tre kandidatane med flest stemmer i valet vil få fast plass, og den fjerde får ein varaplass.
Valet går av stabelen 10- 12 mars. For å stemme i valet må du vere myndig og ha hatt eit innskot i SpareBank 1 Sogn og Fjordane på minst 500 kroner i dei siste 6 månadane før valet. I tillegg må du altså ha bustadadresse i Sogn og Fjordane.
Valnemnda sitt framlegg
Valnemnda er no ferdig med sitt arbeid, og har lagt fram følgjande framlegg til kandidatar:
Kandidatar til Generalforsamlinga
Innstilt som fast medlem;
1) Nils Magne Slinde
Adresse; 6863 Leikanger
Fødselsår; 1963
Yrke; Avdelingsdirektør i Statens vegvesen.
Utdanning; sivilingeniør frå NTH.
Organisasjonserfaring frå mellom anna som leiar, styremedlem og trenar i Idrettslaget Syril, inkluderingsfond, ungdomslag og grendelag.
2) Gro Gjerdevik
Adresse; 6774 Nordfjordeid
Fødselsår; 1975
Yrke;Eiendomssjef i Alti Forvaltning AS
Utdanning; Norges Hotellhøgskule
Organiasjonserfaring frå mellom anna styremedlem i Stad vekst og Eid handel, Klubbrådgjevar i Ørn 4H.
3) Martine Fosse Sveian
Adresse; 6729 Kalvåg
Fødselsår; 1994
Yrke;Hotellsjef ved Knutholmen AS
Utdanning; Kokk.
Organiasjonsefaring frå Kalvåg Bygdelag og Barnas Turlag Keipen
Innstilt som varamedlem;
4) Marte Krogstadmo
Adresse; 6856 Sogndal
Fødselsår; 1984
Yrke; Rådgjevar folkehelse i Luster kommune.
Utdanning: Bachelor i friluftsliv.
Organiasjonserfaring frå samarbeidsutval, Kjørnes Barnehage
Øvrige valbare kandidatar;
5) Kristin Rivedal Yndestad
Adresse; 6982 Holmedal
Fødselsår; 1987
Yrke; Folkehelsekoordinator Fjaler kommune.
Utdanning: Bachelor i folkehelsearbeid og master i samfunnsarbeid.
Organisasjonserfaring som styremedlem i Holmedal Ungdomslag, medlem Barnas Turlag Askvoll
6) Kristian Bøe
Adresse; 6783 Stryn
Fødselsår; 1985
Yrke;Ambulansefagarbeider
Utdannning; sjukepleiar.
Organiasjonserfaring frå Stryn Røde Kors, Hjelpekorpset.
7) Benedicte Moritsgård Refvik
Adresse; 6823 Sandane
Fødselsår; 1989
Yrke; Økonomisjef i Gloppen kommune.
Utdanning: Master i Økonomi og administrasjon frå NHH, Master i Management Science.
Organisasjonserfaring som styreleiar i Sandane utviklingslag og Høgenausen vel.
8) Adrian Hoff
Adresse; 6718 Deknepollen
Fødselsår; 1988
Lærar ved Vågsøy Ungdomsskule.
Utdanning: lærarutdanning, Høgskulen i Volda
Organisasjonserfaring som leiar for musikk-klub og styremedlem i idrettslag og velforeining
Her kan du lese meir om Generalforsamlinga sine oppgåver.
Godt val!
Hugs søknadsfristen 1. mars
Søknadskurs med Sparebankstiftinga
Hevar beløpsgrensa for mindre prosjekt/ tiltak
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane hevar beløpsgrensa for mindre prosjekt/ tiltak – frå kr. 30 000,- til kr. 50 000,-.
Vi gjer det lettare for deg å realisere ideane dine!
Kvifor denne endringa?
Beløpshevinga kjem som eit resultat av:
Målet med denne justeringa er å bidra til at fleire gode idear kan bli realisert i lokalsamfunnet, utan at søknadsprosessen vert meir komplisert.
Når trer endringa i kraft?
Den nye beløpsgrensa gjeld for søknader med verknad frå 1. februar 2025.
Korleis søkje?
Har du eit prosjekt som treng støtte under kr. 50 000,-? Då kan du sende inn ein søknad via søknadsportalen til stiftinga.
Søknadstips.
Hugs at det er løpande søknadsfrist for gåvesøknader under kr. 50 000,-, med ei saksbehandlingstid på berre 4 veker.
Vi gler oss til å bli kjent med dei gode ideane dine!
Val til Sparebankstiftinga si generalforsamling
Er du kunde med innskot i SpareBank 1 Sogn og Fjordane? Då kan du nominere kandidatar til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane si generalforsamling, som mellom anna velgjer styret og godkjenner stiftinga sitt rekneskap. Generalforsamlinga set òg rammer for gåvetildelingane.
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er hovudeigar av SpareBank 1 Sogn og Fjordane, og har som føremål å vere ein langsiktig eigar av banken og dele ut gåvemidlar til samfunnsnyttige tiltak. Stiftinga si generalforsamling vert valt av kundar med innskot på over 500 kroner i banken og med adresse i Sogn og Fjordane og Hornindal. Valet skjer elektronisk, og alle med røysterett vil få røystesetel per e-post 10. mars, med to dagar svarfrist.
Dei tre kandidatane med flest stemmer i valet vil få fast plass, og den 4. får ein varaplass.
Har du forslag til kandidatar til generalforsamlinga?
Send inn fullt namn, adresse og yrke på din (-e) kandidat (-ar) seinast 7. februar 2025 per e-post; post@sparebankstiftinga.no
Det ferdige framlegget til kandidatar frå valnemnda vert annonsert her medio februar.
Valet går av stabelen 10 -12 . mars. Alle med røysterett vil motta røystesetel per e-post.
Her kan du lese meir om Generalforsamlinga sine oppgåver.
Medlemer i generalforsamlinga
Varamedlemer
Godt val!
Brenn du for Sogn og Fjordane?