Ofte stilte spørsmål

Her finn du svar på dei mest vanlege spørsmåla frå søkarane våre. Trykk på knappane nedanfor for å hoppe til rett kategori. Dersom du ikkje finn svaret du leitar etter i lista nedanfor, ta gjerne kontakt med oss.

Før du søker

Alle organisasjonar som har eit tiltak som vil ha ein positiv effekt for Sogn og Fjordane kan søke støtte hjå oss. For å finne ut om du kan søke støtte kan du bruke skjema vårt.

Vi støttar tiltak som arbeidar for og med barn og ungdom innan kunst og kultur, natur og friluftsliv, idrett og nærmiljø, samt overordna næringsutvikling. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane prioriterer prosjekt og organisasjonar som:

  • Arbeider for og med barn og ungdom.
  • Blir drive av frivillige.
  • Har ein positiv miljøeffekt.
  • Har langvarig verdi og nytte for lokalsamfunnet, framfor kortvarige aktivitetar, arrangement og prosjekt.
  • Er lokalt forankra, spesielt når midlane er avgrensa.
  • Har klare visjonar og tankar bak tiltaka sine.

Søknader om tiltak og investeringar med langvarig verdi og nytte for lokalsamfunnet vil normalt bli prioritert framfor søknader om rein driftsstøtte (lønn, husleige og andre driftskostnader).

Vi gir ikkje støtte til

  • Politiske parti eller føremål som kan utnyttast politisk.
  • Næringsverksemd eller prosjekt i regi av kommersielle selskap, der det ikkje er tydeleg avklart korleis eventuelt overskot blir handtert, eller der det er uklårt om det ligg kommersielle interesser bak.
  • Tiltak med negativ effekt for miljøet.
  • Typiske offentlege oppgåver.
  • Lukka medlemsorganisasjonar.
Vart dette litt mykje å lese?

Vi har også laga ein enkel test der du får svar på om du kan søke støtte hos oss. Ta testen her:

Ja, du kan søke støtte hjå oss så mange gonger du ønsker så lenge du oppfyller vilkåra våre. Oppfylt rapporteringskrav.

Nei, du kan ikkje søke støtte til prosjekt som allereie er avslutta.

For Inkluderingsfondet og søknader inntil 50.000 kr er det ingen søknadsfrist då vi har fortløpande handsaming.

For søknader over 50.000 kr er gjeldande fristar 1.mars og 1. september.

Furorestipend har søknadsfrist 15. juni.

Ein månad før søknadsfristen opnar vi opp for innsending av søknader i søknadsportalen

Slik søker du

For å gjere det enkelt for deg å lukkast med søknaden din har vi laga ein rettleiiar som skal hjelpe deg steg for steg gjennom søknadsprosessen.

I søknadsskjema vårt er det ei begrensing på 10 MB per fil. Du kan altså laste opp så mange filer du ønsker men kvar fil kan ikkje vere større enn 10 MB.

Ja, søkarar som av ulike grunnar ønsker å halde søknaden sin utanfor ålmenta, skal respekterast. Alle tildelte beløp er likevel offentlege.

Når søknaden er sendt

For søknader inntil 50.000 kr får du svar innan 4 veker.

For søknader over 50.000 kr får du svar innan 8 veker,

Ein sluttrapport er ein enkel rapport som alle gåvemottakarar må sende inn etter at tiltaket som gåva vart brukt til, er gjennomført. Rapporten skal sendast seinast innan eitt år etter at gåva vart tildelt.

Manglande rapportering kan føre til at ein ikkje kan søke om gåver ved seinare høve, og i alvorlege tilfelle kan det bli krav om tilbakeføring av gåvemidlane. Dette gjeld både organisasjonen som mottek gåva, og personen eller personane som står ansvarleg for søknaden.

Når sluttrapporten er godkjent, er prosessen avslutta frå søkar si side. Det er viktig å merke seg at gåvetildelingar som manglar sluttrapport kan påverke framtidige søknadar frå både same organisasjon og ansvarleg søkar. Saka vert ikkje avslutta før sluttrapport er motteke og godkjent.

For å få utbetalt midlane må du fylle ut eit skjema om utbetaling i søknadsportalen. Du kan be om utbetaling så snart du veit at tiltaket de har fått gåve til blir gjennomført – eller vente til tiltaket er gjennomført; det er opp til deg. Gåva står i utgangspunktet ved lag i eitt år etter tildelingsdato (lenger dersom du har fått innvilga utsetting).

Alle får svar på epost. Dersom tiltaket ditt har fått avslag: Hugs at det er fullt mogleg å søkje igjen.

Dersom tiltaket ditt har fått tildelt midlar: Gratulerer! Du får tilsendt eit tildelingsbrev til epostadressa du registrerte på brukarprofilen i søknadsportalen.

Søknadsportalen

Du kan logge deg inn i Søknadsportalen ved å trykke her:

Dersom du opplever problem med å registrere deg som brukar, kan du prøve følgjande:

  1. Sjekk at du ikkje allereie er registrert som brukar på epostadressa du nyttar. Dette kan du gjere ved å klikke på “Gløymt passord” og taste inn epostadressa. Du vil då enten få beskjed om at eposten ikkje er registrert eller så vil du få moglegheit til å nullstillte passordet ditt.
  2. Sjekk internettforbindelsen. Sørg for at du har stabil nettverksforbindelse.
  3. Slett nettleserdata (cookies). Gamle data i nettlesaren kan forårsake problemer. Sjå “Korleis slettar eg nettlesardata”.
  4. Kontroller informasjonen. Sørg for at all informasjon er korrekt og at alle obligatoriske felt er fylt ut.
  5. Kontakt oss. Dersom du fortsatt har problem, ta kontakt med oss.

Google Chrome

  1. Klikk på dei tre prikkane øvst til høgre og vel Innstillingar.
  2. Gå til Personvern og tryggleik.
  3. Klikk på Slett nettlesardata.
  4. Vel tidsperioden du vil slette data frå (t.d. siste time, siste 24 timar, heile tida).
  5. Vel kva slags data du vil slette (t.d. nettlesarhistorikk, informasjonskapslar osv.).
  6. Klikk på Slett data.

Mozilla Firefox

  1. Klikk på dei tre linjene øvst til høgre og vel Innstillingar.
  2. Gå til Personvern og tryggleik.
  3. Rull ned til Historikk og klikk på Slett historikk.
  4. Vel tidsperioden og kva slags data du vil slette.
  5. Klikk på OK.

Microsoft Edge

  1. Klikk på dei tre prikkane øvst til høgre og vel Innstillingar.
  2. Gå til Personvern, søk og tenester.
  3. Under Slett nettlesardata, klikk på Vel kva du vil slette.
  4. Vel tidsperioden og kva slags data du vil slette.
  5. Klikk på Slett no.

Safari (macOS)

  1. Klikk på Safari i menylinja og vel Innstillingar.
  2. Gå til Personvern-fanen.
  3. Klikk på Administrer nettstadsdata.
  4. Vel kva data du vil slette, eller klikk på Fjern alle.
  5. Klikk på Ferdig.

Har du andre spørsmål?