Strategiane våre

Her kan du lese og laste ned våre strategiar for eigarskap og gåveordningar. Dokumenta gir ei oversikt over dei overordna prinsippa og retningslinjene som ligg til grunn for verksemda sitt arbeid.

Eigarstrategi

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er største eigar i Sparebanken Sogn og Fjordane. Stiftinga eige i dag omlag 93% av eigenkapitalbevisa i banken.

Sentrale målsettingar i eigarstrategien

  • Stiftinga skal vere ein langsiktig og stabil eigar i SpareBank 1 Sogn og Fjordane, med ein eigarandel på minimum 67 %
  • Stiftinga skal definere klare krav og forventningar til banken
  • Stiftinga skal vere ein aktiv eigar og i vår verksemd støtte banken si verksemd innan samfunnsengasjement og sparebankstradisjonar
  • Stiftinga skal arbeide for årlege utbytte som er konkurransedyktig i høve samanliknbare bankar
  • Stiftinga skal ha beredskapskapital tilgjengeleg for å delta i framtidige kapitalutvidingar i banken

Gåvestrategi

Målsettinga med gåvetildelingane er at vi skal gjere Sogn og Fjordane til ein rikare og betre plass å vere gjennom å fremje verdiar som mangfald, trivsel og utvikling.

Hovuddelen av midlane vert delt ut etter søknad. Men stiftinga vil i tillegg ta eigne initiativ for å utfylle dei mottekne søknadane med område stiftinga ønskjer å prioritere. I inneverande planperiode vil dette gjelde områda miljø, inkludering og overordna næringsutvikling.

Satsinga på miljø inneberer at stiftinga både vil leite aktivt etter prosjekt som bidrar positivt på miljø/berekraft-feltet, og prioritere tiltak og prosjekt med positiv miljøeffekt framfor tiltak med negativ miljøeffekt i handsaminga av innkomne søknadar.

Stiftinga har definert overordna næringssatsing som det mest ressurskrevjande av desse områda i åra framover. Det vil seie at stiftinga vil prioritere meir midlar på dette området, føresett at årleg gåvebeløp kan aukast i åra framover. Stiftinga vil ikkje redusere midlar til øvrige føremål.

Plan for kapitalforvaltning

Styret i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane (Stiftinga) har vedtatt plan for kapitalforvaltninga som definerer dei overordna retningslinjene for forvaltning av Stiftinga sine midlar, utover eigenkapitalbevisa i SpareBank 1 Sogn og Fjordane.
  • Kapitalstøtte og samfunnsansvar

    Stiftinga har som føremål å stille opp for banken med kapital  når situasjonen krev det. I tillegg skal Stiftinga sikre kontinuitet i den allmennyttige verksemda som årlege gåvetildelingar til samfunnsnyttige tiltak i Sogn og Fjordane.

  • Kontinuitet

    Stiftinga skal ha evigvarande drift som utgangspunkt for si kapitalforvaltning.

  • Strategisk kapitalforvaltning

    Stiftinga sine midlar skal plasserast på ein føremålstenleg måte ut i frå omsynet til risiko, risikospreiing, likviditet og forventa avkastning.

  • Etisk investering

    Det er viktig at Stiftinga sine plasseringar er etisk forsvarlege og at ein unngår plasseringar som kan skade Stiftinga sitt omdøme og tillit.

  • Likviditetssikring

    Stiftinga skal til ein kvar tid ha tilstrekkeleg likviditet til å dekke løpande plikter.

Portefølje

Styret i Stiftinga har vedtatt å dele finansporteføljen i to delporteføljar:

  • beredskapskapital
  • portefølje med frie midlar

I kapitalforvaltninga skil ein mellom desse porteføljene. Beredskapskapitalen skal sikre formålet om langsiktig og stabilt eigarskap i banken og midlar for 3 år drift og gåveutdeling i Stiftinga.  Dei frie midlane skal sikre sparebanktradisjonane og gåver til allmennyttig formål til noverande og framtidige generasjonar.

Her kan du laste ned Stiftinga sine porteføljerapportar:

Ser du etter årsrapportane våre?

Vi har samla alle årsrapportane våre på ein plass